Kystforskningsfartøy havforskningsinstituttet innfelt jan thormodsæter illustrasjon lng marine 11
PROVOSERT: Det nye forskingsfartøyet er ikkje stort, men har skapt store bølgjer. MAFOSS-leiar Jan Thormodsæter er mellom dei som er provosert.
Nytt

«Sjokkert» og «mållaus»

– Vi er strengare ovanfor EU sine regelverk enn EU sjølv, meiner MAFOSS-leiar.

Marius Rosbach
02.03.2021

– No er eg sjokkert over kva ein frå statleg hald får til, skriv leiar Jan Thormodsæter i Maritim Forening Søre Sunnmøre i ein e-post til NETT NO tysdag.

Han viser til nyheita om at Havforskningsinstituttet sitt nye fartøy skal byggast i Nederland. Avgjerda om å framskunde bygginga var ein del av krisepakka regjeringa la fram til maritim næring i mai.

At prosjekter hamnar i utlandet gjer MAFOSS-leiaren «mållaus», og han fortel at mange i bransjen i provosert.

– Meir katolske enn paven
Thormodsæter meiner det er mange verft i Norge som kunne ha bygd fartøyet – slik målet med krisehjelpa var. Årsaka til at det ikkje skjedde, er at instituttet har følgt EU-reglane, slik også andre europeiske land skal gjere.

– Kvifor skal vi vere meir katolske enn paven på dette? Vi er strengare ovanfor EU sine regelverk enn EU sjølv, og no må vi ta eit oppgjer med dette, skriv han.

Han meiner fleire land har sett sin eigen industri først under pandemien, og etterlyser politisk vilje i Norge til å løfte saka.

– Argumentet med at det fyl med mykje norsk utstyr er vel og bra, men no er tida absolutt inne for å vere meir proteksjonistisk også på kor skipa blir bygd, meiner Thormodsæter.

Billigaste norske var 19 prosent dyrare
Havforskningsinstituttet har opplyst at dei mellom anna la inn at budsjett og tilbod skulle vere på norsk.

Det avgjerande vart likevel prisen. Holland Ships sitt tilbod ved på 118,8 millionar kroner, medan Fitjar Mekaniske Verkstad, var det norske verftet som hadde lågast tilbod, 141,7 millionar. Skilnaden på 22,9 millionar utgjer 19 prosent.

Tapar skatteinntekter
MAFOSS-leiaren meiner det stort sett er lønsutgifter som gjer at Norge ligg høgare på pris, og at mykje av årsaka er systema som er laga kring bruk av utanlandske arbeidarar med almenngjering og reglane for reise, kost og losji.

– Det har medført auka kostnadar på norske prosjekt, og gjer at same jobb, med same innleigde arbeidskraft, blir vesentleg billigare i utlandet, fortel han.

Ein post som ikkje er med reknestykket, er skatte- og avgiftsinntektene som staten går glipp av ved at det ikkje er norske verftsarbeidarar som gjer jobben.

– Staten går kanskje glipp av kring 30 millionar ved at båten byggjast ute, legg Thormodsæter til.

Publisert: 02.03.2021 14:12

Sist oppdatert: 02.03.2021 14:20

Mer om