Skipsteknisk hans ove Holmøy inge brtil straume bjørn oscar kløvning foto kjetil 11
SKIPSINGENIØRAR: Hans Ove Holmøy (f.v.), Inge Bertil Straume og Bjørn-Oscar Kløvning i Skipsteknisk. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Jubelår for skipsdesign

Fleirdobla overskot og utbyte i fjor. Betydelege tap på Russland-kontraktar i år.

Marius Rosbach
26.07.2022

Etter eit litt trøblete «koronaår» i 2020, fekk Skipsteknisk i Ålesund eit økonomisk kanonår i fjor.

Omsetninga i fjor betra seg betydeleg etter ein større nedgang i 2020. Samla inntekter på kring 170 millionar, er mellom dei høgaste til skipsdesignselskapet (sjå tabell under).

Eit resultat før skatt på knappe 57 millionar gjer fjoråret også til eitt av dei mest lønnsame nokon gong for konsernet. Overskotet gir ein resultatmargin på meir enn 33 prosent.

Skipsteknisk (konserntal)
Årsresultat (i mill kr)20212020
Driftsinntekter169,1102,2
Driftsresultat52,9
12,9
Resultat før skatt56,9
11,3

Russland-tap på 10-12 millionar
Skipsteknisk-sjef Hans Over Holmøy fortalde tidlegare i år at han rekna med at selskapet sine russiske aktivitetar stoppa opp som følgje av krigen i Ukraina.

Inntil vidare er det stans i alt samarbeid med russiske verft, som råkar fleire løpande avtalar. I årsrapporten talfestar leiinga det anslåtte Russland-tapet til 10-12 millionar kroner for inneverande år.

– Gitt selskapet sin økonomiske situasjon, ansees ikke denne situasjonen som kritisk, heter det videre om den finansielle risikoen.

Design- og prosjekteringsarbeidet for kontraktane i Russland har i all hovudsak vore gjennomført, og gir difor små konsekvensar for aktivitetsnivået. Samtidig var verksemda i den russiske marknaden allereie på hell, opplyser selskapet.

Ventar auka pågang i år og neste år
Etterspurnaden på nye skip svingar gjerne betydeleg, men skipsdesignarane ventar auka pågang i år og utover neste år.

I samband med pandemien måtte selskapet permittere mange av sine kring 54 tilsette ei periode. Det blir også vurdert fortløpande basert på aktivitetsnivået, ifølgje årsmeldinga.

Selskapet påpeiker at dei bevisst har forsøkt å auke talet på kvinnelege tilsette, men at det har vist seg vanskeleg i dei mannsdominerte ingeniøryrka.

Firedoblar utbyte
Leiinga konkluderer med at likviditeten er god etter det strålande 2021-resultatet. Difor får også aksjonærane utbyte på 44 millionar kroner – ei firedobling frå året før.

Kontantbehaldninga vart samtidig auka med drygt ti millionar. Eigenkapitalen ved utgangen av året var på 42 millionar kroner og samla gjeld på 83 millionar.

Innunder konsernet høyrer også dotterselskapet Skan El, som driv prosjektering av elektroinstallasjonar, samt sitt tyrkiske designselskap Skipsteknisk Muhendislik.

Hovudaksjonærar er Hans Ove Holmøy og Bjørn Oscar Kløvning, kvar med 27,7 prosent av aksjane. Kjell Jarle Holmøy eig 16,9 prosent, Robert Teige 15,0 prosent og Karstein Teige 12,5 prosent.

Publisert: 26.07.2022 09:21

Sist oppdatert: 26.07.2022 09:42

Mer om