Størst auke på fiske, fangst og matrosfag
Framleis flest unge som søker seg til yrkesfag i Møre og Romsdal.
Søkertala for vidaregåande skule viser ein liten nedgang i søkjartala til yrkesfaga i Møre og Romsdal.
Likevel er det framleis eit klart fleirtal som har søkt om plass til
desse utdanningsprogramma, med 58 prosent av søkjarane, ifølgje ei melding frå Møre og Romsdal fylkeskommune.
-
I Møre og Romsdal har vi eit stort behov for yrkesfaglegkompetanse i
åra som kjem, derfor er eit så høgt søkartal til yrkesfag kjærkommen,
seier kompetansesjef Kariann D. Flovikholm i meldinga.
Ein av tre vil ha læreplass
Då fristen gjekk ut 1. mars hadde hadde 3553 ungdommar søkt om skoleplass på vg1. Av ungdomane hadde 1267 søkarar – om lag 35 prosent - læreplass som sitt førsteønske.
Auken er størst i faga fiske- og fangst, matrosfaget, skipsmotormekanikerfaget, kokkefag og salsfag.
Søkinga til helsearbeiderfaget, industrimekaniker og yrkessjåførfaget opplever nedgang.
Studiespesialiserande er framleis det mest søkte utdanningsprogrammet, og har 966 søkarar.
Dette er samtidig ein nedgang på åtte prosent samanlikna med fjoråret.
Idrettsfag har ein auke i søkartala på 16 prosent.
Bygg- og anleggsteknikk opplever nedgang, etter nokre år med svært gode søkertal.
Les fleire detaljar om søkartala her (ekstern lenke)
Publisert: 04.03.2022 11:54
Sist oppdatert: 04.03.2022 12:48