Stordalen og Hurtigruten ute av Myklebust Verft
Aage Remøy og familie, Hareid Elektriske og Lillebø-familien kjøper aksjane.
Myklebust Verft i Sande er attende på lokale hender etter ein periode med ein eigarkonstellasjon som har inkludert fleire norske og internasjonale selskap, skriv verftet i ei pressemelding.
Det er Hurtigruten Group, Maritime Repair GmbH - eit selskap i tyske Lürssen gruppen, Petter Stordalen og familiens selskap Strawberry Equities , H-Invest AS og Silk Holdings S.Ar.L som sel seg ut.
Til saman eigde dei i overkant av 50 prosent av aksjane i Myklebust Verft.
120 millionar
Pressemeldinga opplyser ikkje kjøpesummen, men etter det NETT NO erfarer er Myklebust Verft verdsett til omlag 120 millionar kroner i denne transaksjonen.
Kjøparane av aksjane er selskapa Hareid Elektriske, Inyard Invest og Cortex. Inyard Invest er eigd av Aage Remøy og familien, Cortex av familien Lillebø. Begge selskapa er eigarar i Myklebust Verft frå før.
Hareid Elektriske er ny på eigarsida i Myklebust Verft. Hovudaksjonærane i Hareid Elektriske er Bjørn Bjåstad og familie, og Bjørn Teigene og familie.
Ingen over 50 prosent
Aksjonærane i Myklebust Verft eig skipsbyggingselskapet gjennom Myklebust Verft Invest. Før transaksjonen hadde selskapet 26 eigarar.
Største eigarar var Inyard Invest som eigde 19,1 prosent, John Kleven As (Kjersti Kleven og Annelise Godø Kleven og familie) eigde 18 prosent og Cortex 6,4 prosent.
Styreleiar og medeigdar Per-Christian Kroepelien Lillebø seier ingen aksjonærar vil eige over 50 prosent av selskapet etter aksjekjøpet.
Medeigar sidan 2017
Hurtigruten blei medeigar i Kleven-konsernet saman med Petter Stordalen i 2017. Også Aage Remøy og Lillebøfamilien kom inn som medeigarar i 2017.
Året etter vart konsernet delt i to, der Hurtigruten-aksjonærane tok over kontrollen i Kleven Verft. Myklebust Verft vart skilt ut som eige selskap, der eigarane held fram å vere dei same som etter kapitalutvidinga i Kleven-konsernet året før.
I 2020 gjekk Kleven Verft konkurs og anlegget vart seinare kjøpt av Green Yard, medan Myklebust Verft held fram som eige selskap.
Poenget med Hurtigruten si investering i Kleven-konsernet var mellom anna å sikre fullføring av skip reiarlaget hadde der.
Dei er forlengst levert, og eit ombyggingsoppdrag Hurtigruten hadde hos Myklebust Verft, er også ferdig.
Publisert: 31.08.2023 12:47
Sist oppdatert: 31.08.2023 14:06