Toeffere kamp i fiskedisken
FRAMLEIS KORONAUSIKKER: sjømatanalytikar Finn Arne Egeness i Nordea trur på nye rekordar neste år, men nye virusvariantar gjer at konsekvensane av pandemien er usikker, påpeiker han. Foto: Kjetil Haanes/Ogne Øyehaug
Nytt

Stor optimisme i sjømatnæringa

Ny eksportrekord i år - og endå betre neste år, trur bransjen.

NPK
20.12.2021

(NPK-Kari Hamre): Trass koronarestriksjonar vil truleg eksportverdien på norsk sjømat ende på rundt 120 milliardar kroner ved årsslutt. Det er ny rekord.

No trur ekspertar som har sett inn i glaskula at 2022 vil bli minst like bra og kanskje nå 130 milliardar kroner. Transportproblem kan derimot bremse litt.

Spådommen kom fram på eit webinar torsdag i regi av Fiskeribladet og Intrafish. Temaet var mellom anna korleis nye, strenge koronarestriksjonar vil kome til å prege norsk fiskeri- og havbruksnæring i 2022.

Pandemien har skapt utfordringar og vanskar for næringa dei siste to åra, men sjømatprisane har gått opp i haust og 2021 endar med eksportrekordar.

Den førre rekorden blei sett i 2019 då eksportverdien enda på 107,2 milliardar kroner.

Ei sterk merkevare

– Trass reduserte prisar dei siste to åra har marknaden fungert. Vi har kome oss godt gjennom pandemien så langt. No ser prisane lovande ut i første kvartal neste år. Vi har investert mykje pengar i slakteri og smoltanlegg, så vi er veldig avhengig av at marknad, valuta og biologi spelar på lag med oss framover, fortalde Alice Øksheim, produksjonssjef og lakseoppdrettar i verksemda Edelfarm i Saltdal.

Verksemda har eksistert sidan 1988 og produserer no 3.500 tonn sløgd laks i året.

Industrileiar og torskeekspert i Cod Cluster, Ørjan Nergaard, trur grunnen til at bransjen i Noreg har klart seg så bra gjennom pandemien er at vi har eit godt rykte globalt.

– Vi skal vere takksame for at norsk sjømat er så ettertrakta ute i verda. Sjølv ein pandemi klarar ikkje å endre på det. Det viser at vi har ei merkevare som er veldig sterk, sa Nergaard på webinaret.

Gode prisar
Han meiner marknadssituasjonen neste år ser lys ut.

– Eg trur vi kjem tilbake til normalen i 2022. Torskeprisane vil kome tilbake der dei var før koronaen, sånn rundt 35 kroner kiloen. Eg trur faktisk vi vil sjå dagar og kanskje veker der prisen kjem opp i 40 kroner når det er lite torsk i marknaden, sa ein optimistisk Nergaard.

Ein som kjenner godt til trendane i sjømatmarknaden er sjømatanalytikar Finn Arne Egeness i Nordea.

– Vi tippar rundt 30 kroner kiloen for fersk torsk i vinter. Fangstinntektene for torskefisket kan bli rekordhøge i 2022. Vi kjem til å passere over 8 milliardar kroner. Tida vil vise kor langt over vi skal, sa Egeness.

Han trur også laks får ein god start på året, slik det var i 2019. Det er spådd opp mot 68 kroner kiloen i første og andre kvartal, fortalde han.

Overraska over laksen
Det som har overraska Egeness mest i året som har gått, er korleis laks har klart seg så bra.

– Vi trudde starten på 2021 kom til å bli krevjande, og slik vart det. Men det blei etter kvart ei veldig positiv utvikling for laks, særleg eksportverdien. Under pandemien har vi også gradvis klart å utvikle daglegvaremarknaden her heime, og i takt med vaksineringa har ein klart å auke konsumet i hotell- og restaurant-segmentet også. Laks har fått høgare volum og høgare prisar enn det vi har sett tidlegare, sa Egeness på webinaret.

Han fortalde mellom anna også at det har vore ein prisoppgang på torsk på 50 prosent frå mars til november-desember.

Tru på nye rekordar
Sjømatanalytikaren trur året som kjem kan bli veldig bra for Noreg, men nye virusvariantar av korona gjer ting usikkert førebels.

– I ein normal situasjon set norsk fiskeri- og havbruksnæring eksportrekord. Men no er omikronvarianten det store usikkerheitsmomentet og vi har fått ei ny nedstenging. Så spørsmålet er kor lenge dette varer. Når alt opnar opp att, vil vi sjå ei veldig positiv utvikling framover, sa Egeness.

Han har derfor stor tru på nye rekordar.

– Det er ingenting som tilseier at vi ikkje skal setje ny eksportrekord i 2022. Kanskje når vi 130 milliardar kroner, sa Egeness.

Det trur også lakseoppdrettar Alice Øksheim og torskeekspert Ørjan Nergaard. Dei ser derimot utfordringar med tranport og logistikk for å få sjømaten ut i marknadene.

– Då alt vart stengt ned sist, vart flya så å seie sette på bakken. For dei få flya som gjekk til USA og Asia gjekk frakta veldig opp, så vi vart nøydde til å tenkje nytt med bil- og togtransport, fortalde Øksheim.

– Den store bremsen i 2022 kan rett og slett bli å få fisken raskt nok ut til kundane, la Nergaard til.

(©NPK)

Publisert: 20.12.2021 11:00

Sist oppdatert: 20.12.2021 10:16