Raudebergvika montasje hofseth oppdrettsanlegg kart skjermfoto frå planprogram
STORFJORDEN: Oppdrettsanlegget til Hofseth International er planlagt der det er markert med to raude ringar i kartet til høgre. Bileta er frå planprogrammet «Områderegulering med KU, Raudbergvika – Eidsdal, Fjord Kommune». Illustrasjon : Nordplan
Nytt

Protest mot Hofseth sine milliardplanar

NVE og statsforvaltaren er uroa for utslepp, flodbølge og ras i samband med oppdrettsplanar i Storfjorden.

Marius Rosbach
14.02.2022

NVE og statsforvaltaren i Møre og Romsdal har fleire ankepunkt mot etablering av eit stort landbasert oppdrettsanlegg i Fjord kommune.

Hofseth International vil investere mellom 15 og 18 milliardar i eit av verdas største landbaserte anlegg ved Raudbergvika.

Viser til føre-var-prinsippet
Statsforvaltaren har tidlegare varsla at dei vil protestere mot planane, og i høyringssuttalen kjem det fram at dei først og fremst fryktar skadelege langtidseffektar av auka utslepp til fjorden.

– Sidan vi har for lite kunnskap om effektane, må føre-var-prinsippet leggjast til grunn når vi skal trekke konklusjonen om kva verknadar anlegget kan få på økosystema i Storfjorden, seier direktør Linda Aaram hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal i ei melding på statsforvaltarens heimside.

Statsforvaltaren og NVE har fleire motsegner til planen. Mellom anna meiner fagetatane at det ikkje er dokumentert at tiltaket er trygt mot flodbølge og ras.

(saka held fram under)

Hofseth international Raudbergvika montasje roger foto marius 11
UROA FOR UTSLEPP: Statsforvaltaren er uroa for utsleppa frå oppdrettsanlegget Roger Hofseth har planar om inne i dei nedlagte gruvene i Storfjorden, Foto: Marius Rosbach/Anita Grønland-Statsforvaltaren i Møre og Romsdal

Kan gi opptil 1000 arbeidsplassar
Hofseth International vil nytte dei nedlagde olivingruvene ved Rauebergvika, men statsforvaltaren meiner ei plassering nærare ope hav, vil gi mindre usikkerheit.

Roger Hofseth opplyste til NETT NO i haust at dei ville «oppklare misforståingar i seinare dokumentasjon», og at dei var usamde i konklusjonane til statsforvaltaren.

I fjor sommar håpte selskapet at konsesjonssaka og reguleringsarbeidet skulle vere i hamn tidleg i 2022. Planane kan skape opptil 1000 nye arbeidsplassar.

Publisert: 14.02.2022 09:46

Sist oppdatert: 14.02.2022 10:03

Mer om