Stor fare for konkurshopp - Hurlen fryktar ingen tsunami
Koronastøtte og utsette innbetalingar har redusert talet på konkursar under pandemien. Det kan det no bli slutt på.
– Vi har hatt unormalt få konkursar siste året.
Det var bodskapen til Jan Rune Hurlen, konsernbanksjef i Sparebank1 SMN både i Fosnavåg og Ålesund denne veka.
Hurlen har ansvaret for banken sine næringslivsengasjement, og meiner det lave talet på konkursar under pandemien i stor grad skuldast at myndigheitene har utsett innbetaling av skattar og avgifter.
I tillegg har bankar utsett betalingar, og myndigheitene har gitt koronalån.
– Det har blitt halde liv i fleie selskap enn ein normalt hadde greitt.
– Eg trur ikkje på ein tsunami av konkursar i 2022, men eg trur det vert ein auke, sa Hurlen.
Eg trur ikkje på ein tsunami av konkursar i 2022, men eg trur det vert ein auke
Mange slit
Samstundes viser ei undersøking frå
SMB Norge, som er ein interesseorganisasjon for små og mellomstore
bedrifter, at 20 prosent av småbedriftene seier det framleis er fare for
konkurs eller avvikling i kjølvatnet av pandemien.
Tala kjem fram i ei undersøking blant SMB Norges medlemsbedrifter.
SMB Norge skriv i ei pressemelding at sjølv om arbeidsløysa fell og pilane tilsynelatande peikar oppover i norsk økonomi, ser røyndommen annleis ut for mange av dei små og mellomstore bedriftene i landet.
I tillegg til at kvar femte bedrift svarer at faren for konkurs eller avvikling framleis er til stades, viser undersøkinga også at 55 prosent vurderer den økonomiske situasjonen som framleis svak (24 prosent) eller brukbar (31 prosent).
– Det er altfor tidleg å friskmelde kvardagsnæringslivet og det er direkte misvisande å hevde at krisa allereie er over, seier konstituert administrerande direktør i SMB Norge, Kristin Hofstad, i ei pressemelding.
Andre undersøkingar viser at i månadene august, september og oktober tvangsavvikla styresmaktene rekordmange bedrifter.
Samanlikna med dei same månadane i fjor var auken på 400 prosent i august, 300 prosent i september og 65 prosent i oktober.
– Den kraftige auken i tvangsavviklingane no i haustmånadene kjem av at styresmaktene gjennom pandemien har gitt bedrifter som slit, litt ekstra tid til å komme seg på beina igjen, då har det nok hopa seg litt opp. Likevel er det framleis ein auke totalt sett på 12 prosent hittil i år, så fleire enn før blir tvinga til å oppløyse selskapet, seier kredittøkonom Per Einar Ruud i Dun & Bradstreet.
Gått bra - trass alt
Sparebanken1 SMN har lagt fram eit konjunkturbarometer som viser at det trass alt har gått bra gjennom pandemien for mange bransjar.
Men blant anna reiseliv og restaurantbransjen har hatt det tøft, samstundes som det også har vore harde tak i maritim industri og offshore. Med virusvarianten omikron må fleire bedrifter gjennom ei ny periode med skjerpa smitteverntiltak.
– Reiseliv, restauranter og hotell er dei som verkeleg får kjenne dette på kroppen nok ein gong, sa Hurlen.
Trass i koronapandemien var det ei omsetningsauke i industrien på Sunnmøre på 14 prosent i 2019, og berre minus 0,5 prosent i 2020.
Koronastøtte og koronalån
Men så har også rundt 20 prosent av bedriftene fått koronastøtte. Bedriftene på Sunnmøre har fått 338 millionar kroner.
I tillegg til at det i Midt-Norge vart delt ut 1,5 milliardar i koronalån, der 626 millionar gjekk til Møre og Romsdal.
– Dette har vore til utruleg god hjelp, sa Hurlen, som også viste til at 6.613 bedrifter i regionen hadde fått i alt 1,2 milliardar kroner i kompensasjon.
Han vistte også til at andelen bedrifter med negativt driftsresultat held seg stabilt.
– Det seier litt om støtteordningane.
Les også
Mange stillingar - få folk
Hurlen såg lysning for fleire næringar - også i offshore, men meiner at ei av dei største utfordringane er mangel på arbeidskraft.
No er det rundt 3.800 ledige stillingar i Møre og Romsdal, der det er størst mangel på sjukepleiarar, men der det også er stor mangel på blant anna tømrarar, betongarbeidarar, lastebilsjåførar og kokkar.
– Arbeidsløysetala er lavare no enn ved inngangen til pandemien, sa Hurlen.
Publisert: 11.12.2021 06:00
Sist oppdatert: 10.12.2021 21:17