Sylvi listhaug valnatta 2021 foto stortinget 11
UROA: Frp-leiar Sylvi Listhaug er bekymra for konsekvensane av at oppdragsmengda til bygg- og anleggsbransjen skrumpar inn. Arkivfoto: Stortinget
Nytt

– Ein giftig kombinasjon

Auka kostnader og kutt i statleg utbygging gjer Frp-leiaren uroa for bygg- og anleggsbransjen.

Marius Rosbach
08.09.2022

Under samferdselskonferansen på Moa onsdag ga både Frp-leiar Sylvi Listhaug og stortingspolitikar Frank Sve uttrykk for at dei var bekymra for utviklinga i bygg- og anleggsbransjen.

Fleire politiarar var samla til å diskutere samferdsel og spesielt satsinga på eksportvegen E136 gjennom Romsdalen.

– Ein giftig kombinasjon
Regjeringa har vore tydelege på at det blir eit stramt statsbudsjett som blir lagt fram om ein månads tid, og at fleire vegutbyggingar ikkje vil bli prioritert.

Det er bakgrunnen for at Listhaug fryktar dramatiske konsekvensar for firma i bygg- og anlegg.

– Eg trur kombinasjonen av eksploderande utgifter og at staten skal stramme kraftig inn på antall prosjekt, er ein giftig kombinasjon, som kan føre til at mange selskap framover kjem til å få store problem, sa Listhaug.

Eg trur kombinasjonen av eksploderande utgifter og at staten skal stramme kraftig inn på antall prosjekt, er ein giftig kombinasjon
Sylvi Listhaug

Vil ha svar i Stortinget
Partikollega Frank Sve har stilt spørsmål i Stortinget til samferdselsminister Jon-Ivar Nygård, der han ber om ei forklaring på korleis regjeringa vil trå til.

Sve viser til at fleire større vegprosjekt er utsett. Saman med høge drivstoffprisar og auka byggekostnader, gjer det at transport, bygg- og anleggsbransjen er i «kneståande», meiner han.

Frp-politikaren ber statsråden svare på kva regjeringa har tenkt til å gjere for å unngå permitteringar og oppseiingar i desse næringane.

Bransjen på konkurstoppen
Mange bedrifter møter utfordringar med stigande kostnader, samtidig som tilgangen på arbeidskraft har vore vanskeleg i samband med pandemien.

Bygg- og anleggsfirma er den bransjen som er råka av flest konkursar på Nordvestlandet i år. Heile ein av tre bedrifter i statistikken kjem frå desse næringane.

Seinast denne veka melde bemanningsfirmaet Submet oppbod på grunn av manglande oppdrag, og perioder med full stopp i entreprenørdelen av verksemda.

Publisert: 08.09.2022 09:06

Sist oppdatert: 08.09.2022 10:51

Mer om