rettssal illustrasjon foto marius 11
AKSJESTRID: Retten fann «praktisk talt ingen haldepunkt» for at mannen som gjekk til søksmål hadde ein avtale om å få aksjar i godtgjersle for styreverv - og frifann den saksøkte bedriftseigaren. Illustrasjonsfoto: Marius Rosbach
Nytt

Vann ikkje fram med søksmål for aksjar

Krav frå tidlegare advokat om eigarskap i landbasert oppdrettsatsing, blei blankt avvist frå tingretten.

Marius Rosbach
22.11.2022

Møre og Romsdal tingrett har frifunne ein bedriftseigar som blei saksøkt av ein tidlegare advokat i samband med ein strid om eigarskap i eit oppstartsselskap i ein romsdalskommune.

I staden for å vinne fram med kravet må saksøkaren betale motparten sine sakskostnader på 76.150 kroner, etter å ha tapt saka fullstendig.

Hevda han vart lova aksjepost
Mannen som gjekk til søksmål, var ein periode styremedlem i det aktuelle selskapet som vil satse på landbasert oppdrett.

Han hevda at bedriftseigaren i ein munnleg avtale tilbake i 2017 lova han éin prosent av aksjane som godtgjersle for oppdraget.

Ifølge søksmålet til tingretten krevde mannen no erstatning opptil kring 652.000 kroner. Det skulle svare til verdien på aksjane og tapt arbeidsforteneste som advokat for tida han brukte på styrevervet.

Bedriftseigaren avviste kravet
Den saksøkte bedriftseigaren fortalde på si side det aldri vart gjort noko avtale om godgjersle for styrearbeidet den tidlegare advokaten utførte.

Mellom anna vart det vist til protokollane frå generalforsamlingane, som viser at heile styret jobba utan godtgjersle, noko som er vanleg i oppstartsselskap.

Vidare ville ikkje bedriftsleiaren ha moglegheit til å gi vekk aksjar i selskapet, ettersom det var forkjøpsrett på desse. Avslutningsvis argumenterte den saksøkte med at verdien på aksjane uansett ikkje er så høg som kravet.

Vart ikkje trudd av retten
Tingretten konkluderer i sin vurdering med at det er «praktisk talt ingen haldepunkt» for at det er inngått ein slik avtale som saksøkaren hevdar.

I dommen blir det peika på som lite truverdig at saksøkaren – som var advokat på tidspunktet han blei valt inn i styret – skulle inngå ein munnleg avtale om godtgjersle utan å få denne dokumentert.

Ifølgje forklaringa frå saksøkaren skal han i 2017 også ha fått ein munnleg stadfesting om at han hadde fått overført aksjane til seg.

Burde ha oppdaga «svindelen» før
Retten meiner det er ytterlegare usannsynleg at den saksøkte ikkje sjekka at han faktisk hadde fått aksjane– og at han uansett burde ha oppdaga dette i samband med levering av eigen skattemelding, eller generalforsamlinga året etter.

Fordi retten konkluderer med at det ikkje vart inngått nokon avtale, er ikkje spørsmålet om forelding av kravet og storleiken vurdert, heiter det i dommen.

Publisert: 22.11.2022 05:00

Sist oppdatert: 22.11.2022 00:01

Mer om