NETT NO
STABEN: Frå venstre Marius Rosbach, Kjetil Haanes, Ogne Øyehaug og Magnus Myklebust: Foto: NETT NO
Synspunkt

Hurra for Medieklagenemnda!

Alle som er opptatt av mangfald og at konserna får meir konkurranse, bør vere glade for at vi har ei Medieklagenemnd.

13.01.2023

Vi i NETT NO har i mange år kjempa for å få pressestøtte. No får vi det endeleg etter at klagenemnda har oppheva Medietilsynets avslag om støtte for åra 2020 og 2021.

Vi skulle gjerne klart oss utan pressestøtte, men i vår situasjon betyr støtta at vi får betre kontroll over ein pressa økonomi, og vert i stand til å lage endå meir og endå betre journalistikk.

Men vedtaka frå klagenemnda er gledeleg nytt for langt fleire enn oss i NETT NO, og vil gjere det lettare for andre å starte opp nye mediepublikasjonar.

Medietilsynet har over fleire år uttrykt uro over at konserna vert for dominerande regionalt. Vi har hevda at Medietilsynet sjølv har ein del av skulda for denne utviklinga gjennom sin tildelingspraksis av pressestøtte.Vi ser det blant anna på Nordvestlandet, der Polaris Media gjennom Sunnmørsposten konsern kjøper opp eit stort antal støttemottakande lokalaviser, samordnar og forsyner hovudadvisa med stoff frå mange av lokalavisene. Dette er naturleg konsernlogikk. Men når Medietilsynet samstundes seier nei til å støtte NETT NO, som er einaste reelle konkurrenten på journalistikk om viktige emne for innbyggjarane i regionen, vert resultatet meir konsern og mindre mangfald.

For NETT NO har Medietilsynet meint at vi har for liten tematisk breidde, og har sett opp eit ideal tilpassa ei tradisjonell lokalavis med krav om antal temakategoriar som må vere dekka, og terskelverdiar for kva som vert sett på som tilstrekkeleg prosentmessig dekning av dei ulike kategoriane. Spesielt har tilsynet meint av vi skriv vel mykje om næringsliv og for lite om kunst og kultur.

No har klagenemnda slått ettertrykkeleg fast at slik forskrifta no er formulert, har tilsynet ikkje rettsleg grunnlag for å oppstille slike krav.

I tillegg presiserer nemnda at mediepublikasjonane må få eit redaksjonelt handlingsrom når det gjeld prioriteringa mellom ulike temakategoriar, og det må vere rom for å nedtone enkelte kategoriar. Dette vil gjere det mykje lettare for nye aktørar å satse, for det er i praksis umogleg – om ein ikkje allereie er ein del av eit konsern eller har eit stort lass med pengar – å frå første dag ha ei redaksjonell dekning med kvalitetsjournalistikk av så mange ulike emne som Medietilsynet har kravd.

Konsernsjef Per Axel Koch i Polaris Media har uttala at han trur det i framtida vil vere umogleg for lokalaviser å klare seg utanfor konsern. Koch kan få rett ettersom konserna har tatt kontrollen over dei fleste støttefunksjonar og driv med aktiv samordning, men vedtaka i Medieklagenemnda opnar uansett for at spådomen frå Koch ikkje automatisk vert ein realitet.

Dette er forøvrig andre gongen klagenemnda opphevar eit vedtak om å avslå pressestøtte til oss, men den første gongen heldt Medietilsynet likevel fast på det opphavelege vedtaket. No er det ingen veg utanom for tilsynet ettersom klagenemnda ettertrykkeleg slår fast at alle vilkår for å få støtte etter forskifta er oppfylte.

Vi i NETT NO har fått enormt med støtte frå privatpersonar for vår kamp, men vi har sakna at presseorganisasjonane har interessert seg, spesielt sidan denne saka har så mykje å seie for så mange andre. Kanskje er vi for små, eller for langt vekke, men konsekvensane av vedtaka i klagenemnda er uansett gledeleg store om målet er meir mangfald.

Derimot har fleire tidlegare tilsette i Medietilsynet engasjert seg, noko som har vore til stor inspirasjon for oss og ført til at vi ikkje har gitt opp trass mange nedturar. Ei av dei er advokat Ingvil Conradi Andersen. Ho har sjølv jobba ni år som seniorrådgjevar i Medietilsynet, og oppsummerer det heile på følgjande måte:

«Det mest utrulege i denne saka er at det har tatt så lang tid å nå fram til det einaste resultatet som er i samsvar med føremålet bak pressestøtteordninga.»

Dette er eit utsegn som dagens leiing i Medietilsynet nok bør merke seg.

Kjetil Haanes, redaktør og mediebyggjar

Publisert: 13.01.2023 05:09

Sist oppdatert: 15.01.2023 17:03

Mer om