Olver Grotle Marianne Sivertsen Naess og komm sjef i Sjomat Norge Langeland pa Nor Fishing 2024 foto Ogne
NOKO Å TENKE PÅ: Dagens ordning for CO2-avgift til fiskeflåten vart innført under Erna Solberg-regjeringa. Dersom dagens Ap/Sp-regjering vil endre på den, kan det bli ei nøtt å knekke for fiskeripolitisk talsperson Olve Grotle i Høgre. Her er han i debatt med fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss (i midten) under Nor-Fishing i Trondheim denne veka.
Analyser

CO2-avgift i fiskeflåten kan bli revurdert

Fiskerinæringa kan få hjelp til å takle den store nedgangen i torskekvota, men då må politikarane ofre nokre kjepphestar.

25.08.2024
ANALYSE

Konsekvensen av at 2025 blir det tredje året med store kutt i torskekvoten var eit gjennomgåande tema i debatt og samtalar under Nor-Fishing-messa i Trondheim denne veka.

Det får konsekvensar for dei fleste i bransjen; fiskarane sjølve, fiskeindustrien og utstyrsleverandørar.

Denne veka varsla Lerøy Havfisk at selskapet kjem til å legge nokre av dei ti trålarane sine i opplag. Det er ikkje nok fisk att å fiske på til at det er grunnlag for å halde alle trålarane i drift. Det i sin tur vil bety at søsterselskapet Lerøy Seafoods Norway kjem til å slite med råstofftilgangen, og dermed med å halde oppe aktiviteten på fiskemottak og fiskeindustribedriftene sine i Nord-Noreg.

Det betyr også inntektstap for fiskarane, og i verste fall tap av jobben.

Lerøy Havfisk-fiskarane blir ikkje dei einaste som merkar at inntektene fell, og neste år skal torskekvota kuttast enda meir.

Med Stortingsval neste år kan jakta på botemiddel mot konsekvensen av kvotekutta for torsk fort bli eit valkamptema neste år, spesielt i Nord-Noreg, der den relative og symbolske betydninga av fiskerinæringa er størst.

Difor er det interessant at fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss viser så stor forståing for kritikken mot den særnorske CO2-avgifta på fiskeflåten. Det er ei avgift på diesel, som skal auke kvart år fram til 2030.

Poenget med CO2-avgifta er å gjere det så dyrt å bruke drivstoff som fører til CO2-utslepp, at fiskebåtreiarane vel null- eller lågutsleppsdrivstoff i staden.

Fram til nyleg har sjansen for at den stadige auke i CO2- avgifta skulle bli revurdert synest liten. No kan inntektsfallet på grunn av lågare torskekvote ha endra på det.

Problemet er at avgifta ikkje treff fiskeflåten på ein god nok måte, ifølgje fiskeriministeren:

– Vi har ikkje teknologien tilgjengeleg. Det er ikkje like enkelt for den næringa å gjere dei grepa som trengs for å omstille seg. Det er ei sak eg kjenner godt. Det er blant anna difor vi har CO2-kompensasjonsordninga også, fordi det her er ei kjent problemstilling. Eg kjem til å jobbe for å sikre at denne næringa skal vere lønsam framover, og det er kanskje viktigare enn nokon gang med den kvotenedgangen vi står overfor. Så eg forstår det som blir sagt, sa ho til Nett No under Nor-Fishing-messa i Trondheim denne veka.

Ei av dei viktigaste innvendingane mot CO2- avgifta er at fiskarane ikkje har noko alternativ, og at mange av dei havgåande fartøya vil omgå avgifta ved å fylle drivstoff i utlandet eller i internasjonalt farvatn - noko som i praksis eigarane av mindre fiskebåtar ikkje kan gjere.

Om Sivertsen Næss skulle lukkast med å få sine regjeringskollegaer med på å revurdere CO-avgifta, kva er alternativa?

Det eine er å fryse avgifta på dagens nivå, og utsette vidare auke på ubestemt tid. Dagens avgift, som utgjer 3,17 kroner ekstra per liter diesel, er imidlertid så høg at det neppe er nok til å blidgjere eigarar og tilsette i fiskeflåten og fiskeindustrien som blir råka av kvotenedgangen for torsk.

Eit anna alternativ er å kvitte seg med heile avgifta og adoptere EU-regelverket. Nett no vil det bety at fiskarane slepp å betale noko ekstra for å bruke diesel eller anna fossilt drivstoff, men på lenger sikt er det sannsynleg at EU innlemmar også fiskeflåten i sitt CO2-kvotesystem. Då må fiskebåtreiarane kjøpe retten til å sleppe ut CO2, men i såfall blir det like vilkår for norske fiskarar og fiskarar i EU-land. Det vil ta bort konkurranseulempa som den norske CO2-kvota utgjer. Dette er den løysinga som bransje og arbeidsgivarorganisasjonen Fiskebåt helst vil ha.

Eit tredje alternativ er å auke kompensasjonen for CO2-avgift. Det er ei tilsynelatande underleg ordning, der staten kompenserer for ei avgift styresmaktene sjølv har innført. Slik kompensasjonsordninga fungerer, stimulerer den i ein viss grad til å drive fiske med lågast mogleg CO2-utslepp.

Det har vore relativt stor semje om CO2-avgifta, og om Arbeidarpartiet no skulle gå med på endringar gjenstår det å sjå om Erna Solbergs Høgre, saman med sine tidlegare regjeringspartnarar, også vil legge om kursen.

Her kan du lese Solbergregjeringas : "Forskrift om midlertidig tilskudd som kompensasjon for CO2-avgift til fartøy som driver fiske og fangst i nære farvann".

I klimameldinga som regjeringa Solberg la fram i 2021, varsla den gradvis auke i avgifta på utslepp av CO2 fram til 2030. Avgifta skulle bli nesten fire gangar høgare, som vil bety omlag ei dobling av drivstoffkostnadane for fiskeflåten frå 2021-nivået.

Dåverande klima- og miljøvernminister Sveinung Rotevatn (V) meinte fiskarane hadde god tid.

– Det er ikkje veldig mange rammevilkår for ulike næringar som vi gir signal om ti år fram i tid. Eg kjem faktisk ikkje på eit einasta eitt, så det er i utgangspunktet ein god tidshorisont, sa Rotevatn til Nett No.

Publisert: 25.08.2024 05:00

Sist oppdatert: 10.09.2024 07:48