Dag Nikolai Ryste Glocal Green
GODE SIGNAL: Dagleg leiar Dag Nicolai Ryste i Glocal Green har fått signal om at selskapet simn planlagte metanolfabrikk ved Øyer i Gudbrandsdalen kan blir rimlegare enn venta. Foto: Ogne Øyehaug
Analyser

Positiv spiral for metanol

Kan noko bli billegare i desse dagar? Dag Nikolai Ryste i Ålesund-firmaet Glocal Green trur det.

26.05.2024
ANALYSE:

Glocal Green planlegg ein fabrikk i Øyer i Gudbrandsdalen for å produsere metanol som drivstoff for skip.

Råstoffet er greiner, flis og avskjær frå skogsdrift og sagbruk.

Planen er byggestart for fabrikken i 2026 og produksjon frå 2028, ifølgje ei oppdatering dagleg leiar Dag Nikolai Ryste gav på eit seminar om metanol som drivstoff, som vart arrangert på NMK denne veka.

Kostnadsanslaget er omlag 2,2 milliardar kroner for full utbygging,

Men utviklinga hos alle dei ulike aktørane som skal levere utstyr og løysingar for både fabrikk og distribusjon har, ifølgje Ryste, vore så rivande at prosjektet kan bli vesentleg billegare, kanskje ned i 1,5 milliardar.

Det er framleis mykje pengar, og det er uvisse knytt til det nye anslaget, men om Ryste berre får delvis rett er det ei utvikling som kan gjer det lettare å ta eit steg mot det såkalla grøne skiftet.

Metanol produsert på biologisk materiale - biometanol - og med straum frå fornybare energikjelder kan reknast som eit drivstoff som ikkje tilfører atmosfæren ekstra CO2. Blir det billegare å bygge og drive anlegga blir den økonomiske terskelen for å ta metanol i bruk lågare.

Det er ein kjent prosess bak Ryste sin optimisme. Det er den same som gjer at dagens skip, fly og bilar med tradisjonelle forbrenningsmotorar treng mindre energi per kilometer enn fly, skip og bilar bygd for 50 år sidan. Den utviklinga har lønt seg, både for produsentar og brukarar.

Skjer det same for metanolet er det bra i seg sjølv, og ikkje minst er det eit signal om at det er råd med ytterlegare forbetringar. Det i sin tur stimulerer fleire bedrifter og andre aktørar til å involvere seg, og dermed er ein positiv spiral i gang.

Glocal Green har allereie ein samarbeidsavtale med Norwegian Hydrogen, om bruk av hydrogen frå Norwegian Hydrogen. Innblanding av hydrogen gjer biometanolen meir energirik og bind og opp CO2 frå produksjonen av biometanol. For Norwegian Hydrogen - som skal produserer hydrogen - betyr det ein potensiell større marknad for hydrogenet sitt.

Ryste seier etterspørselen allereie er stor nok til mange slike fabrikkar som blir planlagt i Øyer og viser til det danske reiarlaget Mærsk, som har ei rekkje større frakteskip i ordre. Dei blir utstyrt med motorar for bruk av både metanol, biodiesel og vanleg diesel. Mærsk sin største aksjonær, AP Møller, har også etablert eit eige selskap med planar om metanolfabrikkar.

I Tyrkia skal det byggast skip med Ulstein-design, som kan gå på metanol. Tidlegare i år gjekk Rem Offshore til Myklebust Verft for å få bygd eit skip som kan gå på metanol.

- Dette er ein merkedag for Rem Offshore. Vi bestiller vårt første netto nullutslippsfartøy og tek eit stort steg inn i framtida. Vi gler oss til å kunne tilby skipet i marknaden, og er trygge på at våre kundar vil sette stor pris på at det blir råd å drive meir effektive og bærekraftige operasjonar, sa dagleg leiar Lars Conradi Andersen i Rem Offshore i ei pressemelding.

Det som talar til metanol sin fordel, samanlikna med hydrogen og ammoniakk, er at det er ei energikjelde som kan brukast i kombinasjon med biodiesel og vanleg diesel og i kjent og velprøvd motorteknologi. Sjølv om metanol er meir plasskrevande enn diesel med tilsvarande energimengde, er det langt mindre plasskrevande enn hydrogen og ammoniakk.

Summen av dette reduserer både den økonomiske og tekniske risikoen ved å satse på metanol. Hydrogen og ammoniakk som energiberar i skip er langt mindre utvikla. To reiarlag på Nordvestlandet, som ville satse på høvesvis hydrogen og ammoniakk, har begge lagt bort sine planar.

Publisert: 26.05.2024 05:00

Sist oppdatert: 30.05.2024 23:06

Mer om