Tyngre å hente pengar
Fleire har fått merke omslag i marknaden for eigenkapital. Investorar er ikkje like lette å lokke.
ANALYSE:
Det landbaserte oppdrettselskapet OFS ved Måløy utsette denne veka for tredje gang fristen for å teikne seg i kapitalutvidinga i selskapet.
Kapitalutvidinga skulle etter planen vere i mål i desember. Det gjekk ikkje, og etter årsskiftet har det praktiske talt stått stille.
Ably Medical arbeidde i fjor med planar om på hente inn inntil 80 millionar kroner. No er planen i staden å gjennomføre ei mindre kapitalutviding i januar - og ei større seinare i år.
Sparebank1 SMN tok i fjor initiativet til å etablere eit nytt investeringsfond på minst 300 millionar kroner, retta mot nystarta bedrifter, der banken i samarbeid med forvaltningsmiljøa i Converto i Ålesund og Cofounder i Trondheim går inn med kapital og får andre investorar med på laget.
Håpet var å kunne gjere dei første investeringane allereie tidleg i år, men det har tatt tid å få investorar med. No er målet å få henta inn kapitalen som skal vere med i løpet av første kvartal i år, ifølgje Finansavisen.
Les meir i sakene under:
Les også
Stillstand i kapitalutviding for landbasert lakseoppdrettselskap i år.
Teknologi fra Ably Medical kan spare mye arbeid og gi bedre behandling, viser de første erfaringene.
Bank og forvaltningsselskaper håper å ha første investering på plass tidlig neste år.
Ably Medical med første ordre og i hektisk møteverksemd med investorar.
Døma over er ikkje døme på kapitalutvidingar som har gått skeis. Det dei viser - i alle fall førebels - er at det er blitt tyngre tider for kapitalutvidingar
Kanskje såg vi eit teikn allereie våren 2023, då Inseanergy i Ålesund ville hente inn inntil 25 millionar kroner gjennom Folkeinvest, eit selskap som har spesialisert seg på å koble små investorar med selskap på pengejakt.
Inseanergy har utvikla flytande solcelleanlegg. Dei er også eitt av selskapa som har henta inn mest pengar gjennom Folkeinvest, heile 30 millionar kroner i ei kapitalutviding som var fullteikna.
I fjor vår passerte selskapet berre såvidt minstemålet for kapitalutvidinga - 10 millionar kroner - før det sa stopp.
- Dei (Folkeinvest, red. merk) seier det er få av kampanjane som har nådd maksmålet i det siste. Den vanlege Folkeinvest-investoren er blitt meir forsiktig, sa dagleg leier Kari-Elin Korsnes Hildre i Inseanergy til NETT NO.
Ein kikk på nettsida til Folkeinvest viser at tendensen Hildre fortalde ikkje har endra seg frå ifjor vår og fram til no. Selskap som når maksimalmålet for kapitalutvidinga er det få av.
Det er fleire forklaringar på at det er blitt tyngre å hente pengar. Dei viktigaste er truleg to faktorar som delvsis heng saman, høgare rente og større uvissse om utviklinga i økonomien.
No er renta blitt så høg at det å sette pengane i banken, eller i rentefond med ulik grad av risiko, er blitt meir fristande. Det gjer at det blir mindre kapital tilgjengleg i eigenkapitalmarknaden. Samstundes skapar krig, internasjonal uro og høg prisstigning uvisse - og uvisse gjer investorar meir forsiktige.
Den eine konsekvensen av dette, er rett og slett at ein del selskap som for tre-fire år sidan ikkje ville hatt vanskar med å få investorar med på laget, no kanskje må sette seg på gjerdet, og vente med investeringar og satsingar som krev tilførsel av ny eigenkapital. I staden må mange heller forsøke igjen når stemninga har snudd.
Den andre konsekvensen er at dei selskapa som treng meir kapital, kan bli meir avhengig av at eksisterande eigarar kan og vil gå inn med pengane.
Den tredje konsekvensen er at gründerane og bedriftene som prøver å invitere nye investorar inn, truleg må vere budd på å gi dei ein større eigarandel i selskapet enn det som var naudsynt for få år sidan.
I åra 2020-2021 fekk Nordvestlandet fleire nye selskap på børsen; Hexagon Purus (2020), Salmon Evolution (2020), Romsdal Sparebank (2020), Nortel (2020) Havila Kystruten (2021), Norva24 (2021), Statt Torsk (2021), Arctic Bioscience (2021) og Hav Group (2021).
Dei lukkast i å hente pengar då marknaden var god.
At kursutviklinga i dei selskapa neppe har gjort investorane fornøgde, er også ein del av forklaringa på kvifor det går tyngre no. Forventningar frå få år sidan er ikkje innfridd.
Det plar aksjeinvestorar hugse - ei stund.
Publisert: 21.01.2024 05:00
Sist oppdatert: 21.01.2024 00:24