B Yggebransjen illustrasjonsfoto Marius
MERKAR NEDGANG: Byggebransjen har fått mindre å gjere etterkvart som det blir mindre bygging av nye bustadar Illustrasjonsfoto: Marius Rosbach
Analyser

Utlendingane kan halde arbeidsløysa nede

For få år sidan gjorde utlendingar som reiste heim, at Nordvestlandet slapp ei kraftig auke i arbeidsløysa. No kan det skje igjen.

01.10.2023
ANALYSE:

Då oljeboomen var på sitt høgaste, var 2500 utanlandske leigearbeidarar på plass i Møre og Romsdal. I 2017 det 1000 att.

Resten hadde flytta heim eller til andre land, og den offisielle arbeidsløysestatistikken viste 2,4 prosent heilt ledige. Det var ikkje verre enn landsgjennomsnittet. Hadde dei 1500 blitt verande ville arbeidsløysa vore 3,4 prosent i Møre og Romsdal, som er relativt høgt i norsk målestokk.

Den store innflyttinga av arbeidskraft som langtidspendla mellom skipsbyggingsindustrien på Nordvestlandet og heimlanda i Aust-Europa, gjekk i revers då oljeprisfallet i 2014 tørka inn ordreinngangen frå offshorereiarane.

No merkar spesielt byggebransjen er aktiviteten er på veg ned. Bransjen ligg framleis på konkurstoppen, sjølv om veksten i talet på konkursar dabbar av.

I byggebransjen er det også mange utlendingar som pendlar hit for å jobbe. Det er liten grunn til å tru at dei vil bli verande om dei ikkje lenger har arbeid.

Dermed kan Nordvestlandet få ein reprise av trekkspeleffekten i arbeidsmarknaden som kom etter oljeprisfallet i 2014. Når arbeidet forsvann, forsvann også arbeidarane.

Arbeidskraftresererven vart ikkje så mykje større og bedrifter og offentleg sektor som hadde behov for folk, fekk ikkje så mange fleire å rekruttere frå. Arbeidsmarknaden vil framleis vere relativ sterk, som er bra, i alle fall sett frå arbeidstakarsida.

Sjeføkonom Harald Magnus Andreassen i Sparebank 1 Markets meiner Noreg er på veg frå ein høg- til ein lågkonjunktur.

Men han sa samstundes til NETT NO denne veka at Møre og Romsdal kan kome lett gjennom nedturen.

Årsaka til den vurderinga er at det er mange bedrifter og arbeidsplassar knytt til aktiviteten i oljebransjen - som er høg.

Effekten av at langtidspendlarar frå utlandet reiser heim når det blir mindre å gjere, kan forsterke den effekten og dempe ein eventuell vekst i den registrerte arbeidsløysa.

Utfordringa kjem når pilene snur igjen, som mellom andre Steinar Lausund i bustadbyggingselskapet Mostein har understreka fleire gongar. Han er redd dei som eventuelt reiser heim no blir vanskeleg å få tilbake.

Då arbeidskraftinnvandringa frå Aust-Europa starta, var skilnaden mellom lønsnivået der og her, mykje større enn i dag. Noreg var også eit økonomisk meir attraktivt land å arbeidspendle til enn andre land i Vest-Europa.

No er skilnadane krympa. Det er blitt relativt meir attraktivt å finne arbeid i heimlandet, eller i andre europeiske land med kortare reiseveg.

Det er neppe snakk om enten eller, der absolutt ingen vil arbeidspendle til Noreg, sjølv om det blir færre jobbar tilgjengleg i ein periode. Men den relativ ferske erfaringa etter utflyttinga etter 2014, er at den fall saman med større konkurranse om arbeidskraft frå utlandet.

Deler av næringslivet har for fleire år sidan byrja å tilpasse seg at det har blitt tyngre å rekruttere frå utlandet etter førre utflyttingsbølgje. I Møre og Romsdal har andelen som søkjer yrkesfagleg utdanning auka, og var over 60 prosent til skuleåret 2023/2024. Det er høgast i landet.

Publisert: 01.10.2023 05:00

Sist oppdatert: 01.10.2023 11:37

Mer om