Stad skipstunnel foto kjødepollen innfelt terje skjeppestad moldefjorden foto Pål Are Lilleheim Kystverket 11
KJØDE: Arbeidet med å erverve grunn til skipstunnelen vart sett på pause tidlegare i år. Uansett må utlysinga av anbodet vente på fleire rettssaker, fortel prosjektleiar Terje Skjeppestad i Kystverket. Foto/illustrasjon: Pål Are Lilleheim/Kystverket
Nytt

Skipstunnelen må vente på rettssaker

Prosjektleiaren trur anbodet er klart for marknaden før neste sommar. Fleire årsaker til at tidsplanen ryker.

Marius Rosbach
09.09.2023

Denne veka blei det jubla for at regjeringa vil lyse ut anbodet for Stad skipstunnel. Stortingspolitikar Per Vidar Kjølmoen (Ap) håpte det ville vere mogleg å rekke ei utlysing allereie i år då han slapp nyheita til pressa i Herøy.

Av fleire årsaker vil den tidsplanen ryke, fortel prosjektleiar for Stad skipstunnel, Terje Skjeppestad, i Kystverket til NETT NO.

– Vi jobbar ut frå at vi får ei stadfesting frå Stortinget, regjeringa eller departementet om vegen vidare. Då tenker eg vi skal vere klare til å lyse ut anbodet ein gong første halvår neste år, seier han.

Om prisen frå entreprenørane blir høgare enn venta, kan prosjektet vere avhengig av ny stortingsbehandling.

Må vente på rettsprosessar
I tillegg til usikkerheit kring den politiske handsaminga, må ei utlysing vente på behandlinga av fleire rettssaker.

– Det er 15-20 hus, naust, garasjar og låvar som er - eller skal - kjøpast ut. Av desse er det to-tre saker som skal til retten. Dei prosessane må vere avslutta og der har ikkje vi styring på tida, seier Skjeppestad.

I hovudsak er det ueinigheit om grunnlaget for ekspropriasjon og pris som skal til behandling i retten.

Prisjustert til drygt fem milliardar
Prosjektleiaren påpeiker at per no, så har han ikkje fått meir informasjon enn det som har kome fram i media.

Han har oppfatta at skipstunnelprosjektet får ei indeksregulering – eller ei prisjustert ramme – som gjer at kostnadsramma - (omtala som P85, journ. anm.) er oppe i 5060 millionar kroner inkludert moms for 2024.

– Per no veit vi ikkje om saka skal opp i budsjettforhandlingane, og vi veit ikkje om det kjem inn andre premiss. Men vi ferdigstiller anbodsdokumenta slik at vi er klare til å lyse ut så snart vi får ei avklaring, seier han.

Samtidig må siste fase av arbeidet med grunnerverv starte opp att, etter at det vart sett på pause tidlegare i år.

Vil orientere Stortinget i statsbudsjettet
I eit svar på eit skriftleg spørmål frå Frank Sve (Frp) i Stortinget, svarar fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran at Kystverket har gjort ein gjennomgang av kostnadsreduksjonar, i tråd med omtalen i revidert budsjett.

– Regjeringa vil i budsjettet for 2024 orientere Stortinget om at vi vil igangsette ein anbodskonkurranse for bygging av Stad skipstunnel innanfor den kostnadsramma som Stortinget har vedtatt, justert for prisstigning, svarar Skjæran.

Stad skipstunnel illustrasjons kystverket 6
SEGLINGSHØGDE PÅ 37 METER: Stad skipstunnel skal vere stor nok til at skipa til Hurtigruten og Havila Kystruten kan nytte den. Illustrasjon: Kystverket

– Godt fjell fram til no
No om dagen er det kjerneboring det er knytt størst spenning til. Førde-firmaet Entreprenørservice har fått oppgåva med å bore seg 1050 meter inn i fjellet frå Kjøde-sida.

– Vi er komne rundt 400 meter inn, og vi har fått stadfesta det vi trudde. Frå Kjøde-sida er det mykje vatn dei første par hundre meterane, men så har det vore godt fjell fram til no, seier Skjeppestad,

Tidlegare er det bora kring 700 meter inn i fjellet frå Moldefjorden. Med arbeidet som no går føre seg, vil heile tunnelløpet på 1700 meter vere kartlagt.

Kjerneboring stad skipstunnel 2023 foto kystverket 11
KJERNEBORING: Kystverket er i gang med ei ny runde med kjerneboring frå Kjøde-sida av skipstunnelen. Bilde viser boreriggen som er sett opp i overkant av fylkesvegen. Foto: Kystverket

Fakta om Stad skipstunnel

Stadhavet er det mest værutsatte og farligste havstykket som er langs norskekysten. Målet med prosjektet er å sikre en tryggere seilas, og mer forutsigbar regularitet for skipstrafikken forbi Stad.

NØKKELTALL

  • Lengde: 1700 meter for selve tunnelløpet - 2200 meter fra tuppen av entringskonstruksjon på den ene siden til tuppen av entringskonstruksjon på den andre siden
  • Lengde inkl. ledekonstruksjoner og portal: ca 2200 meter
  • Høyde mellom bunn og tak: 50 meter
  • Bredde mellom veggene i tunnelen: 36 meter
  • Seilingshøyde: 33 meter
  • Areal på tverrsnitt: 1661 m2
  • Volum uttak fast fjell: Ca. 3 millioner kubikkmeter. Tilsvarer cirka 5,4 millioner kubikkmeter med sprengt fjell
  • Estimert kostnadsramme: Ca. 2,8 milliarder kroner (eks. mva.)
  • Estimert byggetid: Ca. 5 år

BYGGINGEN

Det er lagt opp til konvensjonell sprengning med tunnelborerigg og pallerigg.
Det blir utredet tre ulike alternativer for bruk av steinmasser fra tunnelbyggingen, deriblant til etablering av nytt næringsareal i nærområdet.

Mer om prosjektet på Kystverket si heimeside

Skal lage prioritert liste over massebruken
Det har vore stor interesse for å bruke steinmassane som blir tatt ut av fjellet. Kommunane kring Stadlandet har tidlegare vore utfordra til å levere ei liste over kva prosjekt dei ønsker skal prioriterast.

– Den oppgåva har no Kystverket fått i staden. Vi er i startgropa på det arbeidet. Det første vi skal gjere er å få ei totaloversikt over kven som ønsker massar, fortel Skjeppestad.

– Viss alle som ønsker stein skulle få det, så har vi ikkje nok, legg han til.

– Nytteverdien vil vere viktig
Ein fersk rapport om ringverknader frå bygging av skipstunnelen viste at berre i Stad kommune var det ni område under planlegging, mellom anna Stad Molo-prosjektet ved Leikanger.

På Raudeberg i Kinn har industriklynga behov for nytt areal og kaianlegg.

I Vanylven er det planar om å utvide, eller lage nye næringsareal på Fiskåholmen, Småstranda og Breivika, - i tillegg har Mowi areal som kan ta i mot tunnelmasse på Sighaug.

– Vi skal prøve å levere så mykje stein vi kan, samtidig har vi ei økonomisk utfordring i denne vurderinga. Våre kostnadar og nytteverdien vil vere viktig, seier Skjeppestad.

(saka held fram under)

Sjå video Kystverket har laga om Stad skipstunnel:

Påpeika høg usikkerheit ved prosjektet
Tidlegare i år hang bygginga av Stad skipstunnel igjen i ein tynn tråd, etter at nye anslag viste at prislappen kan bli opptil 60-70 prosent dyrare enn venta.

Ifølgje ei kostnads- og usikkerheitsanalyse frå Marstrand As, kan prisen kome opp i 7,1 milliarder. I analysen påpeiker forfattarane at det er høg usikkerhet ved prosjektet fordi det ikkje er bygd samanliknbare skipstunnelar tidlegere – og at denne ikkje bør undervurderast.

Den usikkerheita utgjorde store delar av dei nye kostnadsanslaga.

I rapporten blir det samtidig påpeka at det er ei reell mulighet for å realisere heile prosjektet til under 3,8 milliardar kroner.

Publisert: 09.09.2023 05:00

Sist oppdatert: 09.09.2023 12:25

Mer om