Andreas Moldskred 1 foto ntb
MØTER HINDRINGAR: – Det er mange folk som ikkje kan bruke nettet. No må dei legge til rette så vi òg kan eksistere på ein nokolunde måte, og ikkje berre i denne dataverda, seier Andreas Moldskred. Foto: Paula Jee Ullaland / NPK
Nytt

Andreas betaler 100 kroner i gebyr for kvar rekning

Pensjonert sjømann møter digitale hindringar etter at han fekk problem med synet.

NPK
08.08.2021

(NPK-Beate Haugtrø): Regjeringa vil at alle skal inkluderast i det digitale samfunnet. Men enkelte kjem aldri til å vere på nett, seier eldreombodet. For desse blir kvardagen full av betalingsgebyr og praktiske problem.

– Eg har ikkje noko mot desse datagreiene, men det er til for dei som kan bruke det. Dei som ikkje kan bruke det, dett heilt ut, og det er heilt feil. Eg synest det er merkeleg at samfunnet skal tre det ned over hovudet på oss når vi ikkje kan bruke nett, seier Andreas Moldskred, frå Flø i Ulsteinvik (69).

Moldskred har vore yrkesaktiv i 50 år, både i skipsindustrien og til sjøs, i maskin og på dekk. Frå båten har han sett store delar av verda.

– Eg har betalt inn i staten heile tida, har ein lang arbeidskarriere, seier han.

(saka held fram under)

Andreas Moldskred 3 foto ntb
MOBILTELEFON: – Eg har ein vanleg telefon fordi eg greier ikkje å sjå og betene desse datatelefonane, fortel Moldskred. Utan smarttelefon blir det verre å betale kjapt over Vipps, laste ned ein app for å betale bussbiletten eller å hente ein innloggingskode til nettbanken. Foto: Paula Jee Ullaland / NPK

Problem med synet
Men for om lag ti år sidan fekk Moldskred problem med synet. Han ser nok til å fungere i det daglege, men om han prøver å lese, blir det berre strekar og skodde. Difor kan han verken bruke data eller internett. Telefonen er ein vanleg telefon med tastar, og ikkje smarttelefon.

– Det fungerte greitt fram til ti år tilbake. Sidan har det berre vore kaos. Eg har prøvd det ein kan prøve av hjelpemiddel. Det er heilt umogleg å førestille seg korleis ein sånn situasjon er før ein har prøvd det sjølv, seier han.

Fordi han ikkje har moglegheit til å bruke internett, må Moldskred få tilsendt alle rekningar og fakturaer på papir i posten. Når han skal betale dei, går han til banken. Bankane bestemmer sjølve kva dei tar i gebyr for forskjellige tenester, og driv kommersiell drift. For kvar rekning Moldskred betaler over skranken, må han betale 100 kroner i gebyr.

– Eg er tvinga til å betale i banken. Det blir fort nokre tusenlappar i gebyr når du har ein bunke med rekningar. Skal eg betale ei rekning på 45 kroner, får eg 100 kroner i gebyr. Det blir 145. Kor mange titals tusen eg har betalt i sånne gebyr, har eg ikkje peiling på, men det er ikkje lite. Det er så sjukt at det heng ikkje i hop på nokon måte, seier Moldskred.

480.000 over 60 år er ikkje-digitale
I fjor haust gjorde Kompetanse Norge ei spørjeundersøking på oppdrag frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet, der dei kartla kor mykje den vaksne befolkninga i Noreg bruker internett, og kor høg digital kompetanse dei har. Rapporten viser at 480.000 personar over 60 år er ikkje-digitale. Det vil seie personar som ikkje bruker datamaskin, nettbrett, smarttelefon eller internett, og i tillegg personar med svake grunnleggande digitale ferdigheiter.

– Det er få som ikkje er digitale i dag. Framleis er det likevel nokon som kjenner på eit digitalt utanforskap, og det er viktig for meg at vi arbeider for å inkludera fleire i den digitale kvardagen. Eg vil at alle innbyggarar skal ha moglegheit å delta digitalt i arbeidslivet, samfunnslivet og sosialt, seier distrikts- og digitaliseringsminister Linda Hofstad Helleland (H) i ein e-post til Nynorsk pressekontor.

Med bakgrunn i denne målsettinga, er regjeringa i gang med å utarbeide strategien « Digital heile livet ». Målet er å legge til rette for at befolkninga skal kunne tileigne seg, og oppdatere, den digitale kompetansen sin gjennom ulike livsfasar. Denne strategien skal distrikts- og digitaliseringsministeren legge fram i haust.

Bente Lund Jacobsen fot svein arne orvik eldreombudet
BER OM MEIR OMSYN: Eldreombod Bente Lund Jacobsen meiner styresmaktene må ta meir omsyn til dei eldre som ikkje er på nett i det heile. Vi må ta omsyn til og ikkje køyre frå ei så stor gruppe, og ikkje behandle dei som sekundære i samfunnet vårt, seier ho. Foto: Svein Arne Orvik / Eldreombodet

Betalingsproblem
Det nasjonale Eldreombodet får mange telefonar frå folk som har problem med å betale og halde oversikt over rekningar frå bomstasjonar, ferjefakturaen eller sjekke kor mykje pengar dei har på bankkontoen, fordi dei av forskjellige årsaker ikkje kan bruke data og internett.

– Styresmaktene går ofte ut og seier: Vi får lage noko for dei som er litt mindre digitale. Men her snakkar vi om dei som ikkje er digitale i det heile. Ei gruppe vil aldri bli digitale. Det er eldre som aldri kjem dit, seier eldreombod Bente Lund Jacobsen. Ho fortel at Moldskred er eit typisk døme på folk som tek kontakt fordi dei har praktiske hindringar i kvardagen.

Det siste dømet der dei utan nett kjem sist i køen, er koronapassa. Etter kvart har det òg kome ei løysing på papir, men Jacobsen fortel at dei har fått tilbakemeldingar om lange ventetider på telefon, og at uvisse rundt når passet kjem i posten, har gjort det vanskeleg for folk å til dømes planlegge reiser fram i tid.

Eldreombodet fortel at banktenester som å betale rekningar og å halde oversikt over bankkontoen, har vorte eit kjempeproblem for dei som ikkje er på nett. I koronatida har det vore ekstra ille, fordi mange bankbygg heldt stengt. Ho fortel at det mange stader òg er problem med at ein ikkje kjem på bussen om ein ikkje får bestilt billettar på nett. Informasjon frå stat og kommune kjem på nett. Lista over hindringar i kvardagen er lang.

Andreas Moldskred 2 foto ntb
DYRT: Andreas Moldskred får alle fakturaer på papir i posten og betaler kvar rekning over skranken i banken. Det går fort nokre tusenlappar i betalingsgebyr. Foto: Paula Jee Ullaland / NPK

– Må ta omsyn
– Mange menneske i ein viss aldersgruppe har ikkje vore digitale før dei var 60. Det har ikkje vore vanleg før. Vi må ta omsyn til og ikkje køyre frå ei så stor gruppe og ikkje behandle dei som sekundære i samfunnet vårt. Det uroar oss i Eldreombodet at ein ikkje tar omsyn til denne gruppa og ikkje har fokus på det i det heile, seier eldreombod Jacobsen.

– Det går ikkje dette med bere nett. Det er heilt dødfødd. Vi må jo få hjelp vi som ikkje kan bruke det òg. Det må vere ei moglegheit for å få hjelp i bankar og anna, seier Moldskred.

Departementet understrekar at dei offentlege og private tenesteleverandørane sjølve må sørge for å både tilby og rettleia i bruk av eigne digitale løysingar og legge til rette for analoge løysingar for dei som ikkje bruker internett.

– Det vil nok alltid vera behov for analoge løysingar for ein liten del av befolkninga, skriv Helleland.

(©NPK)

Publisert: 08.08.2021 05:55

Sist oppdatert: 08.08.2021 02:46

Mer om