Svein Aam Møre Nytt foto Ogne
PÅ LØNSEMD-TOPPEN I 2020: Redaktør og dagleg leiar Svein Aam i Møre-Nytt. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Betra lønsemd i krympa bransje

Inntektene har gått nedover i avisbransjen, men kostnadskutt har snudd minus til pluss.

For avisa Møre-Nytt i Ørsta blei 2020 eit nytt rekordår, med eit resultat før skatt tilsvarande over 23 prosent av driftsinntektene.

Det er den beste resultatmarginen blant avisene på Nordvestlandet i fjor, men Møre-Nytt er ikkje åleine om å gjere det godt økonomisk. Til saman ni aviser har resultatmargin på 10 prosent eller meir. Gjennomsnittet er ein resultatmargin på 9,6 prosent og 18 av 22 aviser gjekk med overskot (sjå tabell).

Snudde minus til pluss
I 2017 gjekk avisene på Nordvestlandet frå minus til pluss, etter fleire år med fallande inntekter og kostnadskutt som låg på etterskot i høve til inntektsnedgangen.

Toppår i 2008
2012 hadde avisene på Nordvestlandet samla sett 81 millionar kroner høgare inntekter enn i 2020. For Sunnmørsposten, som er den største avisa på Nordvestlandet, starta inntektsnedgangen allereie etter toppåret i 2008. Då hadde Sunnmørsposten 202 millionar kroner i driftsinntekter, mot 127 millionar kroner i 2020.

I 2017 kom kostnadskutta ajour - først og fremst ved nedbemanning og at lønsemda steig. For Polaris Media, som eig Sunnmørsposten, Romsdals Budstikke, Møre-Nytt og fleirtalet av dei andre avisene på Nordvestlandet, starta 2021 med inntektsvekst.

Fleire på nett
Koronaepiodemien framskunda lansering av nettavis-utgåver hos aviser som hadde halde seg berre til papirformatet.

- Vi blei sittande her og tenke, kor langvarig blir dette her?, sa redaktør og medeigar Reidar Opsal i Bygdebladet til NETT NO hausten 2020.

Opsal såg at ein del abonnentar ikkje fekk papirutgåva i tide, samstundes som informasjonsbehovet steig. Dermed blei Bygdebladet også nettavis.

I fjor lanserte også Storfjordnytt nettavis-versjon og med samanslåinga av Sykkylvsbladet og Sunnmøringen på Stranda til Nyss fall den siste papiravis-skansen. Alle avisene på Sunnmøre og i Nordfjord har nettutgåver, eller blir publisert som e-avis der papirutgåva kan lesast på skjerm.

Minus for NETT NO
Bakkar og Berg Media, som gir ut NETT NO, hadde 0,6 millionar kroner i underskot i 2020 (sjå tabell).

Dagleg leiar Eirik Staurset fortel at situasjonen er betre enn tala gir uttrykk for. Endra periodisering av inntekter forklarar størstedelen av underskotet.

– Det er også eit tap dagens eigarar har sagt seg villige til å dekke, fortel han til NETT NO.

Staurset viser til at medieselskapet framleis ventar på ei avklaring frå Medietilsynet om pressestøtte for 2019 og 2020. I april oppheva Medieklagenemda tilsynet sitt avslag om støtte for det første av dei to åra, men Medietilsynet endra likevel ikkje sitt opphavelege vedtak, noko som på nytt er påklaga.

Om NETT NO får produksjonsstøtte, kan dette utgjere eit årleg tilskot på storleik med ei heil journaliststilling.

– At den avgjerda har tatt tid, har vore ein akilleshæl for oss, og vore eit hinder for den vidare strategien, legg Staurset til.

Aviser på Nordvestlandet
Tal i mill. kroner
Driftsinntekt Res. f. skatt
Selskap 2020 2019 2020 2019
Sunnmørsposten 127,2 137,2 7,5 12,9
Romsdals Budstikke 82,3 86,4 14,4 14
Fjordenes Tidende 16,5 16,6 1,4 0,7
Møre-Nytt 15,4 15,7 3,6 2,8
Fjordingen 15,1 15 1,3 1,2
Åndalsnes Avis 13 12,9 2,4 2
Vikebladet Vestposten 12,9 13,5 2,1 1,5
Aarflots Prenteverk (Møre) 12,4 13,5 0,8 1
Vestlandsnytt 12,1 12,2 2 2,3
Fjordabladet 10,6 9,6 1,1 -0,3
Avisdrift Gloppen (Firda Tidend) 10,6 10 0,1 0,8
Bygdebladet 9,9 9,8 0,002 0,1
Media Vest (Nytt i Uka) 8,8 15 -1,4 -0,7
Nordre 5,4 6 0,9 -0,3
Sulaposten 4,8 4,5 0,4 -0,002
Synste Møre 4 4,3 0,3 0,4
Vestnesavisa 3,6 3,3 -0,02 -0,5
Mediehuset Nyss (Nyss) 3,5 3,5 -0,5 -0,2
Øy-Blikk 3,3 3,2 0,4 0,3
Storfjord Bladlag (Storfjordnytt) 2,5 2,4 0,1 0,02
Bakkar og Berg Media (NettNo) 2,4 2,6 -0,6 -0,6
Midsundingen 2 2,1 0,2 0,4
Sum 378,3 399,3 36,5 37,8

Publisert: 27.10.2021 14:30

Sist oppdatert: 27.10.2021 22:27