Toller IKKE GJENBRUK foto npk
KONTROLL: Tolldirektør Øystein Børmer på havna i Tromsø der tolletaten kontrollerer russiske skip. Foto: Rune Stoltz Bertinussen/NTB/NPK
Nytt

– Du merkar det er ei anna stemning om bord enn før

Tollarane går no gjennom heile skipet når russiske fiskefartøy kjem til land.

02.11.2022

(NPK-NTB-Marius Helge Larsen): EU-landa har stengt hamnene heilt for russiske skip. Men i Noreg lèt vi framleis russiske fiskefartøy leggje til – mot at dei blir grundig gjennomsøkte.

– Du merkar det er ei anna stemning om bord enn før. Det russiske mannskapet er meir reserverte når dei tek imot oss, og stemninga er meir trykt, seier seksjonssjef Ragnar Dahl hos Tollvesenet i Tromsø til NTB.

No følgjer mannskapet dei norske tollarane på runden gjennom heile båten. Det gjorde dei ikkje før.

– Dei er mykje meir nysgjerrige på det vi gjer, seier førstetollinspektør Ola-Morten Kristoffersen.

Vedum tolletaten IKKE GJENBRUK foto npk
TROMSØ: Finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) var måndag på besøk i hamna i Tromsø, der fleire russiske trålarar ligg til kai. Foto: Rune Stoltz Bertinussen/NTB/NPK

Tre hamner tek imot russiske skip
Han og tollarkollegaene går no om bord og kontrollerer alle dei russiske fiskefartøya som legg til kai i Tromsø. Det er snakk om fleire skip kvar veke.

I tillegg kjem ei rekkje skip inn til Kirkenes og Båtsfjord som er dei einaste andre hamnene i Noreg kor russiske skip no får lov å gå innom.

Tysdag morgon låg fleire trålarar til kai i Tromsø, og dei lokale tollarane gav ein gjennomgang av korleis kontrollane går føre seg.

– Tidlegare var vi i større grad opptekne av å kontrollere kva dei hadde med seg inn i landet, men no ser vi meir på kva som går ut, seier Dahl.

Tollinspektørane fortel at dei tidlegare kanskje kunne finne parti med sigarettar og andre smuglarvarer om bord på dei russiske fiskebåtane.

Eksportkontroll av fiskebåtan

No er dei på jakt etter varer som er på sanksjonslistene mot Russland, og som det ikkje er lov å ta med seg frå Noreg. Skipa blir kontrollerte nærare avreise enn ved framkomst.

– Det dreier seg om eksportkontroll. Å unngå at norsk næringsliv blir brukt for å levere varer du ikkje ønskjer skal til Russland, seier tolldirektør Øystein Børmer til NTB.

6. oktober stramma regjeringa inn på regelverket for dei russiske fiskefartøya. Etter dette er det berre tre norske hamner dei kan besøkje, og alle båtane skal kontrollerast fysisk.

Noreg skil seg framleis ut frå EU-landa, der alle russiske skip blir nekta tilgang til hamnene.

– Det er viktig å tillate desse fiskefartøya for å halde oppe det norsk-russiske fiskerisamarbeidet, seier finansminister Trygve Slagsvold Vedum, som tysdag var innom på synfaring hos tollarane.

Reservedelar stoppa
Tolldirektøren meiner at kontrollane no er så grundige, at risikoen for sanksjonsbrot frå dei russiske fiskeskipa i stor grad er lukka.

– Når vi gjennomfører kontrollar finn vi smått og stort. Så langt har vi ikkje avdekt noko eg vi vil beskrive som dramatisk. Men det er løpande diskusjon. Vi må avklare regelverket, som er relativt nytt, seier Børmer.

Han påpeikar at det hovudsakleg ikkje er små varer dei er ute etter.

– Dette ein forholdsmessig tungvint måte å frakte ting på. Så viss det er snakk om to mikrochip, så trur eg dei vil finne andre måtar å frakte det på enn på desse skipa, seier han.

Og viss det er større parti, er det lettare å finne dei.

– Vi er ikkje nødvendigvis på jakt etter det du kan finne under hua på hovudet. Men viss det er pallar med teknologi som er på restriksjonslistene, så kan jo det fraktast med trålarar, seier han.

Tollarane går gjennom heile skipet
Dei russiske skipa må varsle på førehand kva varer dei skal eksportere, og så blir denne informasjonen vurdert opp mot annan informasjon tollvesenet har, og deretter kva tollarane finn om bord.

Seksjonssjefen i Tromsø fortel at dei har halde igjen ein del varer som følgje av sanksjonane, mellom anna reservedelar som står på sanksjonslistene. Og røyrdelar.

– Då blir det ikkje tillate teke om bord i fartøyet, og lagt på tollager, seier han.

Tollarane saumfer heile fartøyet, som ofte er relativt stort. Både lugarar, fellesareal, og arbeidsområdet.

– Det er veldig ressurskrevjande. Mannskapet kjenner jo båtane mykje betre enn oss, seier Ola Morten Kristoffersen.

(©NPK)

Publisert: 02.11.2022 07:57

Sist oppdatert: 02.11.2022 08:07