Ekornes Litauen montasje Rita Laurikietienè foto marius 11
ETTERTRAKTA ARBEID: Det er stor kapasitet ved Ekornes sin fabrikk i Panevėžys, som er møbelprodusenten sin port til den europeiske marknaden. Jobbane som syersker er ettertrakta og har låg «turnover». Rita Laurikietienè (lengst t.h.) er coach på syavdelinga og er tilgjengeleg for alle slags spørsmål.
Nytt

Ekornes sin gateway til Europa

Midt i Litauen ligg eit industriområde i kraftig vekst. Fleire av Sunnmøres mest kjende varemerke forsynar kontinentet herifrå.

02.01.2024

I utkanten av den litauiske byen Panevėžys ligg eit næringsområde som stadig blir større. Her har Ekornes investert kring 200 millionar kroner i ein fabrikk som har spesialisert seg på å forsyne den europeiske marknaden med møblar.

Rett over vegen har Devold of Norway fleire enn 300 tilsette i arbeid med å lage ullklede. Lastebilar køyrer i skytteltrafikk med massar som plasserast på nye parseller på dei vidstrakte markane.

– Ja, det er mykje som skjer, seier Aurimas Lukosevicius til NETT NO.

– Men området ville vore meir utbygd utan koronapandemien, legg han til.

Økonomisk frisone
Og for å ta det med ein gong; plasseringa av fabrikken er langt frå tilfeldig. Området er ei fri økonomisk sone, som gir ein rekke fordelar. Ordninga som vart etablert på midten av 1990-talet har vore avgjerande for å trekke til seg ny næringsverksemd.

– Vi betalar ikkje skatt av overskotet, fortel Lukosevicius.

Skattefritaket i frisonen varer i ti år og er berre ein av mange fordelar (sjå fakta). Formuesskatt, utbyttesskatt og eigedomsskatt, er også framandord.

Les om den frie økonomiske sona i Panevėžys

Den frie økonomiske sona i Panevėžys (forkorta FEZ) blei etablert i 2013.

Bedrifter som etablerer seg, må vere av ein viss storleik. Dei betalar null skatt dei første ti åra, deretter 7,5 prosent i seks år. Formuesskatt, utbyttesskatt og eigedomsskatt har dei ikkje.

Bedriftene får mellom anna tilgang til EU sine støtteprogram for forsking, innovasjon og opplæring av tilsette.

Lukosevicius er dagleg leiar for Ekornes-fabrikken som opna i 2019, og utvida allereie etter eit par år. Han tek i mot journalisten på kontoret rett innanfor hovudinngangen.

Då Ekornes tidleg i 2018 tok avgjerda om å investere i Litauen-fabrikken, var målet ei dobling av IMG-salet i løpet av fem år. Med ei årsomsetning frå IMG-møblane på nær éin milliard i 2022, var dei berre drygt 30 millionar frå å lukkast.

Ekornes Litauen Aurimas Lukosevicius foto marius 11
FERDIG PAKKA: Aurimas Lukosevicius med ferdig pakka leveransar merka med namn og leveringsstad. Produksjonen er ordrestyrt, som stiller store krav til logistikken.

Eigen «coach» på syavdelinga
Fabrikken er ein av Ekornes sine største satsingar i utlandet og få ting er overlate til tilfeldigheitene. Deira viktigaste ressurs er likevel ferdigheitene til dei tilsette, fortel Lukosevicius.

– Dette er den beste sy-avdelinga i landet, seier fabrikksjefen når vi er kome til «hjartet» av produksjonen på fabrikken.

Rita Laurikietienè er coach for dei kring 100 syerskene og tilgjengeleg for alle slags spørsmål. Om nokon til eksempel treng støtte i ein oppstartsfase, er ho deira støttespelar. Jobbane er mellom dei mest verdsette og ettertrakta på fabrikken, og «turnoveren» er låg.

– Dei er veldig, veldig dyktige og kvar av dei har gjerne fleire tiår med erfaring, seier Lukosevicius.

Ekornes Litauen 6
STORSATSING: Ekornes har investert kring 200 millionar kroner i fabrikken som ligg i ei økonomisk frisone med fleire fordelar.

Geografien er avgjerande
Geografien spelar ei avgjerande rolle for kvifor Ekornes valde å etablere seg i Panevėžys.

– Vi har ei godt utbygd leverandørkjede i regionen og ligg midt i landet. Samtidig er vi nære hamnebyane Riga og Klaipėda, påpeiker fabrikksjefen.

Som namnet IMG Comfort antydar, er det komfortable kvilestolar og sofagrupper som blir laga ved Litauen-fabrikken. Møblane er i segmentet under dei mest eksklusive prisgruppene, og har flest kundar på det europeiske kontinentet.

Tidlegare kom IMG-møblane frå fabrikkar i Asia, men det vart for langt unna marknaden meinte konsernet. I løpet av nokre år vil det også kome jernbane frå Estland til Polen, som gjer logistikken endå betre.

Produserer i sirkel
Stålkontroll på logistikken ligg i botnen for heile operasjonen. Sirkulær produksjon er mantraet for korleis arbeidet er lagt opp. Delar og materialar følgjer eit bestemt mønster gjennom dei store produksjonshallane. Alt er gjort for å gjere ting mest mogleg effektivt.

– Det er om å gjere å ha kortast veg frå ein operasjon, til ein annan, fortel den lokale Ekornes-leiaren medan han tek NETT NO med på det som bokstavleg talt er ein rundtur i produksjonen.

– Nokre bedrifter brukar opptil 50 prosent av ressursane på logistikk. Vi har kutta det ned til minst 30, kanskje 20 prosent, fortel Lukosevicius nøgd.

Ekornes Litauen 3
NÆR EUROPAMARKNAD: Fabrikken i Litauen lagar Ekornes-møblar under varemerket IMG, medan Stressless-produksjonen og produksjonen av Svane-madrasser skjer i Norge. Ekornes har også produksjon i Vietnam.

Første «grøne» industribygg
Mesteparten av materiala kjem frå konsernet sine eigne fabrikkar, slik at dei i minst mogleg grad er avhengig av leveransar frå andre. Samtidig har dei eigne avdelingar for både trearbeid, kutting og sying av tekstilar - og eiga skumavdeling.

— Sjå korleis ho kuttar. Det er like effektivt som ein kvar robot, seier fabrikksjefen då vi går forbi avdelinga der store skinn startar å ta form som møblar.

Temperaturen endrar seg medan vi beveger oss gjennom fabrikken. Alt etter kva som er mest hensiktsmessig. Møblar under produksjon krev varmare omgjevnader, enn ferdig pakka leveransar. Jordvarme sørger for å varme opp bygget som var først i landet til å få den høgaste berekraft-klassifiseringa for industribygg.

– Det viser at Ekornes ikkje berre snakkar om det grøne. Vi handlar også, legg Lukosevicius til.

Ekornes Litauen Aurimas Lukosevicius foto marius 22
Fabrikksjef Aurimas Lukosevicius på Ekornes-fabrikken i Litauen meiner landet framleis er prega av at mange har flytta til utlandet, men ser ein trend med at fleire unge utdannar seg til handverksryrke som det er behov for i møbelindustrien.

Fleire flytta heim
Etter omveltingane med pandemien – og konsekvensane som følgde – fekk Litauen-fabrikken sin nedtur då koronaboomen ebba ut.

Målet var å ha minst 300 personar i arbeid, men etter at møbelsalet dabba av i kjølvatnet av pandemien, har fabrikken redusert til kring 260 tilsette.

Ein kombinasjon av høgare løner, auka levestandard og eit generasjonsskifte i befolkninga gjer at Lukosevicius likevel ser lysare utsikter for det baltiske landet.

Pandemien har ført til at fleire flytta heim. Næringslivet i store delar av det tidlegare Aust-Europa opplever no at rekrutteringa av kvalifisert arbeidskraft går lettare. Litauen er ikkje noko unntak.

Comeback for handverksyrke
Fabrikksjefen til Ekornes meiner at landet framleis er prega av at mange har flytta til utlandet. Han fortel at det i fleire år knapt vart utdanna unge folk til handverks- og produksjonsyrke.

– Mange unge som reiste ut vart utdanna til leiarroller, men det fekk dei ikkje dit dei kom. I staden har mange fått erfaring frå avanserte produksjonsbedrifter – og no kjem mange flyttande tilbake, seier han.

I dag ser han samtidig ein trend med at fleire unge utdannar seg til handverksryrke som det er behov for i møbelindustrien. Difor trur fabrikksjefen på eit comeback for den litauiske handverkaren med lettare tilgang på utdanna fagfolk.

Ekornes Litauen 7
BUDD I NORGE: Ramunas Mikalauskas har tidlegare jobba ved Norsk Sjømat i Stranda, men er mellom mange som har flytta tilbake til heimlandet dei siste åra.

Budd ti år på Stranda
Ein av dei som har kome tilbake, er Ramunas Mikalauskas, som fortel på norsk at han har jobba ti år ved Norsk Sjømat i Stranda. No jobbar han ved eit av fleire «sjekkpunkt» som skal sørge for at møblane kjem fram til kunden utan ein skramme. Alle møblane som går ut frå fabrikken blir testa grundig.

Mikalauskas fortel at han trivst godt med å vere tilbake i heimlandet.

– Tilgangen til gode og komforten ved eit betre liv her heime, gjer at terskelen blir høgare for å reise utanlands. For det kostar ganske mykje å ha ein tilsvarande levestandard til eksempel i Skandinavia, påpeiker fabrikksjefen.

Ekornes Litauen 5
FLEIRE AVDELINGAR: Litauen-fabrikken til Ekornes har ei rekke avdelingar som gjer alt frå trearbeid, kutting og sying av tekstilar. Her blir skumdelar limt med mjukt materiale som skal bli til behagelege møbelputer.

– Ein komfortabel plass
Det er ein flat struktur på fabrikken med få folk i administrasjonen.

– Alle har klare ansvarsoppgåver og det hjelper oss til å ha effektiv kontroll på heile prosessen med alt frå kommunikasjon til korleis arbeidet gjerast. Slik unngår vi misforståingar, eller at nokon ikkje blir informert, fortel Lukosevicius.

Han fortel at dei jobbar mykje med å få betre jobbkultur, arbeidsvilkår, og miljøpåverknad. Samtidig opplever han at dei lokale styresmaktene gjer ein stor innsats for å legge til rette for verksemda.

– Det gjeld alt frå infrastruktur og transport til fritidsaktivitetar - spesielt for dei unge. Uansett – akkurat no er dette ein komfortabel plass å vere, konkluderer han.

Fagforeiningar slik vi kjenner dei i Norge, finst ikkje. Fabrikksjefen fortel at det har vore forsøk med å organisere arbeidarar, men at det ikkje har vore vellukka til no.

– Kanskje er det ein av dei tinga vi førebels er for ung som nasjon til å ha, men eg trur det kjem i framtida, seier han.

Les meir om sunnmørske selskap i Baltikum:

Publisert: 02.01.2024 05:00

Sist oppdatert: 02.01.2024 11:27

Mer om