Enova prøvar å få fart på hydrogensatsinga
Vil ha tilgang på hydrogen langs heile kysten, og tilbyr inntil 150 millionar kroner i investeringsstøtte.
Enova tilbyr opptil 150 millionar kroner i investeringsstøtte til prosjekt som skal produsere hydrogen frå fornybar kraft til maritim transport.
Målet er å gjere hydrogen tilgjengeleg langs norskekysten, slik at maritim sektor kan ta i bruk hydrogen som drivstoff.
Dette opplyser Enova i ei pressemelding torsdag.
Utsleppskutt og nye jobbar
Klima- og miljøminister Espen Barth Eide viser til at utviklinga av hydrogennæringa i Norge vil bidra til at vi både kan kutte utslepp og skape fleire jobbar, og at regjeringa har sett som mål å halvere klimagassutsleppa frå skipsfarten innan 2030.
- Her vil hydrogen og ammoniakk spele ei viktig rolle. Det krevst framleis innsats på teknologiutvikling og kostnadsreduksjonar langs heile verdikjeda.
- Denne utlysinga frå Enova tar arbeidet med produksjon av grøn hydrogen til skipsfarten eit stort og viktig steg vidare, seier Eide.
Les også
Må få ned kostnaden
I pressemeldinga blir det vist til at hydrogen vil bli viktig for avkarbonisering av transport og industri i Norge. Særleg i maritim sektor har Norge ei unik mulegheit til å bidra til omstillinga.
Men samstundes blir det understreka at for at denne omstillinga skal kome i gang, må hydrogen vere tilgjengeleg til ein kostnad som dei første brukarane kan bere.
– Regjeringa vil bidra til å bygge opp ein samanhengande verdikjede for hydrogen med lave eller ingen utslepp, der produksjon, distribusjon og bruk vert utvikla parallelt, seier olje- og energiminister Marte Mjøs Persen.
Sunne forretningsmodellar
Enova opplyser at ein er på jakt etter prosjekta med dei mest kostnadseffektive løysingane, som har høg bruksutnytting og sunne forretningsmodellar.
Tidlegare i haust gav Enova støtte til 15 prosjekt som skal utgreie mulegheita for å produsere hydrogen frå fornybar kraft til maritim sektor, men det er ikkje ein føresetnad for å ha fått støtte til forprosjekt av Enova for å kunne søke på den nye utlysninga.
Søknadsfristen er 22. april, og det kan søkast om opptil 150 millionar kroner.
Publisert: 09.12.2021 09:49
Sist oppdatert: 09.12.2021 09:50