Anders Riise Foto Per Kristian Bratteng Møre og Romsdal fylkeskommune
UT AV FLEIRE SELSKAP: Med fylkesordførar Anders Riise ved roret skal Møre og Romsdal fylkeskommune involvere seg mindre som eigar i selskap. Foto: Per Kristian Bratteng/Møre og Romsdal fylkeskommune
Nytt

Erkjenner at fylket har vore dårlege eigarar

Møre og Romsdal fylkeskommune er ute, eller skal ut, av ein rekke selskap.

Marius Rosbach
04.01.2024

Eigarskapen til Møre og Romsdal fylkeskommune har skapt ei betydeleg mengde negative overskrifter i løpet av det siste halvanna året.

Den nye fylkesordføraren Anders Riise (H) håpar det skal bli annleis framover, med ei oppreinsking i eigarskapen i nærare 60 selskap.

Nye reglar er også kome på plass.

– Det handlar om å konsentrerer seg om primæroppgåvene våre. Det å handtere eigarskapen i så mange selskap tek mykje tid, seier han til NETT NO.

I tillegg har det kosta ein heil del pengar, viser ein rapport frå Deloitte, som fylkespolitikarane fekk på bordet i sitt siste møte i desember.

– Vi har også hatt ei dårleg eigarskapsrolle i ein del av desse selskapa, erkjenner Riise.

Vi har også hatt ei dårleg eigarskapsrolle i ein del av desse selskapa
Anders Riise

Har vore eigar i ti vegselskap
Då fylkestinget samla seg i desember, var fylket allereie ute, eller på veg ut av nær ni selskap, ifølgje saksutgreiinga frå administrasjonen. Det gjeld til eksempel Brisk og Riss Testlab.

Under møtet vedtok politikarane at ein rekke eigarskap skal opp til vurdering. Fylkeskommunen har mellom anna vore engasjert i ti ulike vegselskap, eller bompengeselskap. Desse vil dei no ut av – med unntak av Vegamot/Nordøyvegen.

Det gjeld mellom anna Møreaksen, Hareid Fastlandssamband (Hafast) og Rovdefjordsambandet.

– Det betyr ikkje, at vi ikkje skal engasjere oss å utvikle fylket. Men det kan vi heller gjere ved å gi direkte støtte til det vi meiner er viktige prosjekt, seier Riise.

Ut av Furene – og kanskje ÅKP
Administrasjonen fekk vidare fullmakt til å starte avviklinga av eigarskapet i tre sokalla opptreningsbedrifter, mellom dei Furene As.

ÅKP Blue Innovation Arena , Molde Bærekraftshub og Fylkeshuset As, er mellom andre selskap politikarane vil ha vurdert eigarskapen til. Eigarskapen i sistnemnte selskap vekte i løpet av 2023 skarpe reaksjonar frå ulike politiske hald.

Anders Riise påpeiker at oppreinskinga har bakgrunn i eit langvarig arbeid med å vurdere fylkeskommunen si rolle som eigar.

– Den Deloitte-rapporten og ein del andre avsløringar, har synleggjort at fylkeskommunen har eit behov for å revitalisere oss, kommenterer Riise.

Blir kursa i styrearbeid
Tilbod om styrekurs for alle som skal representere fylkeskommunen som eigar, er eit anna grep som blir gjort.

– Det er viktig med god rolleforståing, seier Riise om tiltaket som skal gjere politikarane meir proffe i styresamanhengar.

Då den sokalla R8Me-saka var oppe til fylkestinget tidlegare i 2023, tok fleire politikarar sjølvkritikk for at dei ikkje hadde vore merksame nok når det kom til korleis fylkeskommunen utøvde sitt eigarskap.

– Det vi har opplevd, viser at vi både hadde mista oversikta over forvaltinga og handteringa av eigarskapen, seier Riise.

Publisert: 04.01.2024 05:00

Sist oppdatert: 04.01.2024 00:07

Mer om