NTB f OF Ou3yv Le Y IKKJE BRUK
JA: Ap-politikar Espen Barth Eide er positiv til EUs klimaplan og meiner Noreg må slutte seg til planen. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB / NPK
Nytt

EUs klimaplan splittar Ap og Sp

Medan Ap er grunnleggjande positiv til den storstilte klimaplanen til EU, åtvarar Sp om industridød og tap av arbeidsplassar. Fellesforbundet er avventande.

16.07.2021

NPK-NTB-Marie De Rosa: Klimaplanen til EU-kommisjonen, «Fit for 55», kan potensielt bli ei hard nøtt for Arbeidarpartiet og Senterpartiet dersom raudgrøn side går sigrande ut av stortingsvalet til hausten.

Arbeidarpartiet meiner planen byr på nye og viktige moglegheiter for Noreg.

– Det som er lagt på bordet, er dramatisk. Eg hadde håpa at Ap ville vere ein viktig alliert og stå på barrikadane saman med industrien, fagrørsla og oss når vi seier at dette ikkje er godt nok
Sigbjørn Gjelsvik (Sp)

– Hovudinntrykket er grunnleggjande positivt. Dette er verkeleg å gå frå prat til praksis, seier Aps miljøpolitiske talsperson, Espen Barth Eide, til NTB.

– Alt vi vil satse på og snakkar om på inn- og utpust, nemleg karbonfangst og -lagring, batteri og havvind, vil no få endå betre kår. Nettoeffekten vil vere positiv, sjølv om det ikkje betyr at han er positiv for alle samtidig, seier han.

CO2-kompensasjon blir vidareført
Langt mindre optimisme er det å spore hos Arbeidarpartiets potensielle samarbeidspartnar, Senterpartiet. Kort etter framlegginga av klimaplanen, rykte Sp-politikar Sigbjørn Gjelsvik ut og åtvara om utstrekt industridød.

NTB 9hx5 V Uf U Zw IKKJE BRUK
SKEPTISK: Sigbjørn Gjelsvik i Sp er bekymra for karbontollen til EU og meiner det ikkje er gitt at Noreg bør slutte seg til klimaplanen. Foto: Heiko Junge / NTB / NPK

Bakteppet er EUs planar om å innføre ein eigen klimatoll. Næringslivet og industrien har vore bekymra for at ein slik toll vil bety slutten på dagens utsleppssubsidiar, i form av gratis kvotar og CO2-kompensasjon.

Ifølgje NHO ser det likevel ut til at CO2-kompensasjonen førebels får halde fram, medan kvotane først blir fasa ut i 2025–2026. Det opplyser direktør Ingebjørg Harto i NHO i Brussel til NTB.

Usamde om toll
Gjelsvik er likevel bekymra for konsekvensane planen vil ha for norsk industri og arbeidsplassar.

– Norsk industri konkurrerer òg på ein global marknad. Der hjelper ikkje karbontollen EU har lagt fram, seier Gjelsvik, som er finanspolitisk talsperson i Sp.

Barth Eide støttar på si side overgangen til klimatoll så lenge utsleppssubsidiane er skjerma fram til den nye ordninga er på plass, slik EU-kommisjonen no signaliserer.

– EU seier at vi ikkje kan ha begge delar samtidig, for det vil ikkje WTO godkjenne, og ønskjer å gå over til dette nye systemet. Det bør vi forstå og støtte, så lenge desse ordningane blir vidareførte, seier han.

Ap: Sp på autopilot
Ifølgje Barth Eide er det ikkje eit alternativ for Noreg å velje bort EUs klimaplan.

– Vi har allereie bestemt oss for ambisiøse utsleppsmål og klimasamarbeid med EU, og det meste av det vi lager går til Europa, så dette vil berøre oss uansett. Då er det betre å utnytte moglegheitene enn å strete imot, seier han.

Ap-politikaren skuldar deretter Sp for å gå på autopilot. Han understrekar at det ikkje er aktuelt for Ap å setje EØS-avtalen i spel.

– Dei tenkjer kanskje at fordi det kjem frå EU, så er det sikkert ikkje noko bra. Men eg trur dei vil sjå at det er mykje bra for norsk næringsliv og distriktsarbeidsplassar her, seier Barth Eide.

Sp: Ap tek for lett på saka
Gjelsvik meiner på si side at det ikkje er gitt at Noreg verken må eller bør slutte seg til heile klimaplanen. Sp har lenge gått i bresjen for å erstatte EØS-avtalen, men vedtok på landsmøtet i vår at dette må gjerast «etter forhandlingar».

– Når det gjeld karbontoll konkret, så er dette eit eige direktivforslag frå kommisjonen som Noreg må vurdere, seier Gjelsvik.

Han skuldar Ap for å ta for lett på saka.

– Det som er lagt på bordet, er dramatisk. Eg hadde håpa at Ap ville vere ein viktig alliert og stå på barrikadane saman med industrien, fagrørsla og oss når vi seier at dette ikkje er godt nok, seier Gjelsvik.

LO-forbund ventar
LO-forbundet Fellesforbundet, som organiserer mange industriarbeidarar, er førebels avventande til klimaplanen.

– EU-kommisjonen har tilsynelatande lytta til felles innspel frå arbeidstakarar og arbeidsgivarar i norsk industri, seier leiar i Fellesforbundet, Jørn Eggum.

Han meiner det er viktig at Noreg er på ballen når klimaplanen no skal lósast gjennom det store EU-maskineriet.

– Eg kjenner meg trygg på at argumenta våre for å behalde industriproduksjon i Noreg og Europa vil bli lytta til. Eg kan love den norske regjeringa og naboane våre og handelspartnarar i Europa at dei vil høyre frå oss, seier Eggum.

Publisert: 16.07.2021 13:00

Sist oppdatert: 16.07.2021 12:23

Mer om