Ulmatec Handling Systems skal levere en 32 meter høg bevegelseskompensert gangveg til eit serviceskip som skal betene vindparkar til havs.
– Dette er vår første store kontrakt for en gangveg og styrker vår innsats i marknaden, uttaler kommersiell direktør for Ulmatec Handling Systems, Bjørnar Huse.
Verdien på oppdraget blir ikkje opplyst.
Blir bygd for mangeårig Ulstein-partnar
Kontrakta er med det amerikanske selskapet Eco Group - Edison Chouest Offshore - av mange kjend som mangeårig partner med Ulstein-familien.
Det nær 90 meter lange skipet skal byggast i USA og vil bli bemanna av kring 60 teknikarar om bord. Ved å nytte gangvegen frå Ulmatec vil dei kunne ta seg trygt og effektivt frå fartøyet over på installasjonar til havs.
Ulmatec-konsernet har nytta store ressursar og investert mykje i å bli mellom dei store leverandørane av slike gangvegar til bruk offshore.
– Ein avgjerande del av utstyret til fartøyet
Med
ein 12 meter lang teleskopfunksjon, integrert heis, pidestall og
automatiserte laste og lossefunksjonar, skal Ulmatec-gangvegen også vere med å gjere operasjonane på ein trygg måte.
– Dette er ein avgjerande del av utstyret til fartøyet og ein av hovudføresetnadene for å utføre serviceoperasjonar utan opphald, legg Huse til.
Kontrakten til Ulmatec Handling Systems-selskapet vil også innehalde utstyr frå andre lokale leverandørar.
Publisert: 17.08.2022 10:47
Sist oppdatert: 17.08.2022 11:21