Studentoppgåve klar til bruk etter tre veker
Vidareutvikla dataprogram som robotselskapet Solwr kunne ta i bruk med det same.
NTNU Trondheim-studenten Emma Sofie Søvik og Sunniva Røsshol som studerer ved Universitetet i Oslo, er deltakarar på NTNU Teft-lab i Ålesund sitt sommarprogram for masterstudentar.
Utgangspunktet er at bedrifter kjem med ei problemstilling, eller eit problem, som studentane skal løyse.
Solwr (tidlegare Currence Robotics og Driw) ville ha hjelp til å optimalisere korleis lageroboten som plukkar ut av hyllene skal plukke og køyre.
250 prosent meir
Den oppgava slo Søvik og Røsshol til på. Etter berre tre vekers arbeid hadde dei utvikla eit program som Solwr kan ta i bruk, og som også kan videreutviklast seier softwareingeniør Sondre Rodahl i Solwr.
Målet er at roboten brukar minst mogleg tid på å køyre omkring på lager, plukkar mest mogleg og sparer folka som også er på lageret for flest mogleg tunge og vanskelege løft.
Det lukkast Søvik og Røsshol med. Med deira programutvikling plukka roboten opptil 250 prosent meir vekt i løpet av ein dag, samanlikna med kva roboten greidde før.
Lagde berekraftportal
Fleire bedrifter deltek i programmet kalla Teft Summer Internship, og til saman bryner studentene seg på sju oppgåver. I tillegg til Solwr, er Sparebanken Møre, Tafjord, Wattn og Kongsberg Maritime med i årets opplegg.
I fjor jobba studentane mellom anna med å utvikle ein berekraftportal for Sparebanken Møre. Løysinga blei teke i bruk av banken og lansert kring årsskiftet.
Arbeidet startar i juni og blir avslutta i august. Studentene går gjennom seks veker med intensivt arbeid og underveg får dei rettleiinga frå fagpersonar hos oppdragsgivarane og NTNU.
(saka held fram under)
Fire nye år
Teft-lab har nettopp vore gjennom sin første fire-årsperiode og fekk nyleg finansiering for ein ny.
Ideen er å kople forskning og aktivitet ved NTNU Ålesund saman med næringslivet. Samarbeidet mellom NTNU og Sparebanken Møre blir nå videreført i fire nye år.
Den nye samarbeidsavtalen mellom NTNU og Sparebanken Møre har ei ramme på 34 millionar kroner, der banken går inn med 15 millionar kroner og resten er eigeninnsats frå NTNU og eksternfinansierte prosjekt.
Publisert: 02.07.2022 05:00
Sist oppdatert: 01.07.2022 21:02