DSC04937 1
SAMDE OM MILLIONINNTEKTER: Ordførar Sølvi Dimmen i Volda (t.v) og Stein Aam (t.h.) i Ørsta forhandla saman med kva sint delegasjon til omlag klokka 21 onsdag kveld, og held omlag 12:40 i dag. I midten kommunedirektør Wenche Solheim i Ørsta. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Forlik mellom Ørsta og Volda

Striden om kraftinntektene frå Hjørundfjorden er over. Forlik etter forhandling på overtid.

19.01.2023

- Begge partar har vore rause, seier ordførar Sølvi Dimmen i Volda om utfallet.

Ordførar Stein Aam er glad usemja mellom dei to nabokommunane er rydda av vegen etter forhandlingar i Overskjønsnemnda.

- Eg er overbevist om at den klamme handa som har ligge over oss, den er vekk, sa Aam etter sat forliket var signert.

Deler på inntektene
Striden mellom Ørsta og Volda handla om kraftinntekter frå kraftverk innerst i Hjørundfjorden, eit område som frå og med 2020 vart overført frå Ørsta til Volda.

Avtalen inneber at kommunane skal dele på dei faktiske kraftinntektene frå og med 2020 til og med 2031. Dei første åra skal 65 prosent av inntektene gå til Ørsta og i slutten av avtaleperioden skal Ørsta sin andel ha blitt trappa ned til 20 prosent. Deretter går alle inntekter til Volda.

Begge anka
Avtalene skli seg frå vedtaket i Skjønsnemnda i fjor, der Ørsta vart tilkjent 44 millioner kroner i erstatning for kraftinntektene som gjekk tapt for Ørsta med kommunegrenseendringa.

Ørsta ville ha meir enn dobbelt så mykje og Volda meinte Ørsta ikkje hadde rett på ei einaste krone.

Begge partar anka til Overskjønsnemda.

Saka for Overskjønsnemnda starta i går. Om partane ikkje hadde inngått forlik hadde ei avgjerd frå Overskjønsnemnda kome før påske i år.

Publisert: 19.01.2023 12:43

Sist oppdatert: 19.01.2023 15:32

Mer om