Møre ocean lab innfelt hans petter hildre illustrasjon ntnu 11
PENGENE KOMMER: Instituttleiar Hans Petter Hildre (innfelt) ved NTNU i Ålesund er glad for at alt ser ut til å ligge til rette for utbygging av Møre Ocean Lab. Illustrasjon: NTNU
Nytt

Skal lage verdas mest avanserte feltlaboratorium

Om eit par år overvaker truleg ein flåte med autonome båtar, droner og sensorar skipstrafikken utanfor Ålesund.

Marius Rosbach
18.10.2022

Nyleg vart forslaget til statsbudsjett lagt fram utan forslag til kutt for det store forskingsprosjektet Ocean Space Center. Det betyr at også Møre Ocean Lab ligg an til å bli realisert i løpet av dei neste par åra.

- Vi frykta at det kunne ligge kuttforslag i budsjettet, men no ser ting greitt ut, seier instituttleiar Hans Petter Hildre ved Institutt for havromsoperasjoner og byggteknikk ved NTNU i Ålesund.

Kan starte bygging i 2024/2025
Møre Ocean Lab er del av storsatsinga og skal bli eit feltlaboratorium for forsking på utvikling av maritim teknologi. Om alt går etter planen kan ein starte å sette ut dei fysiske installasjonane og bygge ein base ved Nørvevika i 2024 og 2025.

- Området vil strekke seg frå Ålesund ut til Runde. Det er NTNU som vil bygge og prosjektet er eit samarbeid med Sintef og Runde Miljøsenter, som bidreg på sine områder, fortel Hildre.

Skal ha «forskingsflåte»

Dei røffe forholda ved kysten av Ålesund, gjer området ypperleg eigna for testing som mellom anna skal gi meir kunnskap om korleis ulike fartøy oppfører seg ved ulike forhold til sjøs.

I arbeidet vil det mellom anna vere behov for ein arbeidsbåt, seks mindre autonome fartøy og seks flygande droner. I tillegg kjem det sensorar i sjøen.

Ifølgje Hilde er det for tidleg å seie noko om kvar utstyret skal byggjast, men at det er snakk om avansert høgteknologi, er det liten tvil om.

Vil ha innspel om bruksområde
Ved feltlaboratoriet skal det foregå fullskala testing av alt frå skip og skipsutstyr, fiskeri- og redningsutstyr og teknologi for overvåking av havet.

Hildre oppmodar de ulike aktørane i den maritime klynga om å spele inn kva for bruksområder som kan vere aktuelle.

Målet er at laboratoriet skal vere ein aksellerator for å utvikle framtidas produkt og løysingar. Dataene som blir samla inn, skal vere ope for aktørane i verdikjeden.

Publisert: 18.10.2022 05:00

Sist oppdatert: 17.10.2022 21:42

Mer om