Lobnobs innfelt bente fylling foto Sibelia 11
PÅLEGG: Bente Fylling trur tettare samarbeid kan gi auke sal av «Lobnobs»-pakningane. Dei kan nyttast til alt frå pålegg, i salat og som alternativ til kjøttdeigan i fredagskosen. Foto: Sibelia
Nytt

– Gler meg til å ta Sibelia nokre steg vidare

Sjømatbedrifta Bente Fylling starta for meir enn 20 år sidan, har fått storaktør på eigarsida.

Marius Rosbach
26.09.2022

Sibelia slår seg saman med storaktøren Salatmesteren, ved at det austlandsbaserte selskapet kjøper 50 prosent av aksjane i Ålesund-selskapet.

Dagleg leiar Bente Fylling starta opp sjømatimportøren for meir enn 20 år siden. Ho skal halde fram i si rolle og hovudkontoret blir framleis i Keiser Wilhelms gate. Målet er klart:

– Grunnen til at vi gjer dette, er at vi vil vekse vidare. Eg er glad for at det er Salatmestern - som er leiande i marknaden for salater og dressingar, som kjøper seg inn, fortel Fylling til NETT NO.

– Samtidig er eg stolt over at vi har klart å bygge opp ei merkevare, som gjer at ein så stor aktør vil samarbeide med oss, legg ho til.

Grunnen til at vi gjer dette, er at vi vil vekse vidare
Bente Fylling

– Blir del av noko større
Sibelia-sjefen er ikkje tvil om at «Lobnobs»-pakningane deira vil vere ein god kombinasjon med Salatmesterns portefølje.

– Dei er innovative, gode på produktutvikling og har ein god standing i marknaden. Vi blir del av noko større, og eg ser at vi kan utnytte masse synergiar saman med dagleg leiar Thomas Andersen og alle dei dyktige folka deira. Eg gler meg til å ta Sibelia nokre steg vidare, legg ho til.

Gründeren fortel at dei to selskapa allereie har eit langt samarbeid bak seg. Med sin nye partner vil Sibelia mellom anna få tilgang til eit større distribusjonsnett.

I hyllene til alle dei store kjedene
Ålesund-selskapet importerer porsjonspakningar med spiseklare fiskeprodukt. Dei er laga i Japan av kverna kvitfiskfilet, av det som på fagspråket omtalast som surimi.

«Lobnobs»-pakkane er mellom anna til sals hos alle de tre store kjedene.

– Vi sel til både dagleg vare, storhushaldning og industrien, fortel Fylling.

Råstoffet er alaska pollock frå Beringhavet og pakningane blir produsert i Japan.

– Det er 70 prosent kvitfiskfilet. I tillegg til smaken, er det sunt, påpeiker ho.

Helsedirektoratet anbefalar ei inntakt på 300-400 gram fisk i veka, som svarar til 2-3 middagsporsjonar. Ei slik pakke dekker ein firedel av anbefalinga, legg ho til.

To tøffe koronaår
Omsetninga for Sibelia har stege jamnt og trutt sidan oppstarten i 2000. I toppåret 2019 var dei oppe i nær 32 millionar kroner. Driftsinntektene har peika nedover dei to siste åra og i fjor omsette selskapet for drygt 20 milllionar (sjå tabell under).

Fylling fortel at dei opplever eit kompleks bilde med globale utfordringar. I løpet av to tøffe koronaår, har dei også fått ei femdobling på prisane for konteinerfrakt.

Ventar høgare ometning og betre lønnsemd
Ho legg ikkje skjul på at konkurransen i daglegvaremarknaden har blitt tøffare. Det gjer også marginane blir mindre og fjoråret enda med eit minusresultat for skatt på drygt 460.000 kroner for sjømatleverandøren.

– På tross av utfordringane dei siste to åra har vi snudd drifta mot ein positiv utvikling, og vi ventar både høgare omsetning og eit godt resultat i 2022, påpeiker ho.

Sibelia

Årsresultat (i mill. kr)

2021

2020

Driftsinntekter

20,5

21,1

Driftsresultat

-0,9

0

Res. før skatt

-0,5

0

Publisert: 26.09.2022 10:19

Sist oppdatert: 26.09.2022 18:08

Mer om