Grunnrenteskatten blir send Stortinget i mars
Finansdepartementet er inne i innspurten for å utarbeide lovforslag om grunnrenteskatt på havbruk.
NPK-NTB-Anne Marjatta Gøystdal: Grunnrenteskatten – også kalla lakseskatten – tredde i kraft frå nyttår. Men innretninga på ordninga er enno ikkje vedteken av Stortinget.
I mars blir proposisjonen lagt fram. Det vil gjere det mogleg å få forslaget behandla før Stortinget tek møtefri for sommaren.
– Endringane vart varsla i samband med statsbudsjettet. No har vi hatt ein brei og god høyringsrunde, og vil leggje fram forslag for Stortinget no i vår som varsla, seier finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) til NTB.
– Bidra til fellesskapet
Vedum har måtta tole mykje motstand etter at kunngjeringa kom i september i fjor. Han har fleire gonger understreka at skatteordninga kjem, men at det kan bli endringar frå det opphavlege forslaget.
– Norsk havbruksnæring er vellykka, skaper store verdiar og har hatt svært høg inntening. Vi meiner at dei som har høge overskot ved bruk av naturressursane til fellesskapet, kan bidra meir økonomisk tilbake til lokalsamfunn og fellesskapet gjennom ei grunnrente, seier han.
Det kom inn over 420 svar i høyringsrunden.
Vedum vil ikkje kommentere ytterlegare på kva endringar som kan komme eller kor mykje forslaget skil seg frå det regjeringa opphavleg la fram.
Prissetting, skattesats og botnfrådrag
Eit særleg
omdiskutert punkt har vore korleis ein skal prissette fisken. Forslaget
om å bruke normpris som er knytt til spotpris på børs, har vore mykje
kritiserte frå oppdrettsnæringa.
I november svarte Vedum med å foreslå at det blir eit uavhengig normprisorgan nedsett som skal setje prisen. Om dette er løysinga han fell ned på, vil han ikkje kommentere måndag.
Det knyter seg også spenning til kva prosentsats skatten skal liggje på. Fiskeriminister Bjørnar Skjæran (Ap) stadfesta overfor IntraFish førre veke at inntektene til staten skal liggje på 3,65-38 milliardar kroner. Gitt innteninga selskapa har i dag, betyr det ein lågare sats enn 40 prosent som tidlegare er anslått, ifølgje avisa.
Det er også diskutert kvar ein skal leggje botnfrådraget. Det har vore foreslått på mellom 4.000 og 5.000 tonn for å skjerme dei minste oppdrettarane.
Publisert: 31.01.2023 06:51
Sist oppdatert: 31.01.2023 09:49