Bjørnar Skjæran fiskeri og havminister verftskonf 2021 foto Ogne
Fiskeri- og havminister Bjørnar Selnes Skjæran (Ap) stadfestar at regjeringa vil ta inn i underkant av 4 milliardar kroner i lakseskatt. Det betyr at grunnrenta på havbruk blir langt lågare enn opphavleg foreslått. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Lakseskatten kan bli betydeleg lågare

Nye tonar frå regjeringa om grunnrenteskatten for oppdrett.

25.01.2023

NPK-NTB: Fiskeriminister Bjørnar Skjæran (Ap) stadfestar i ein e-post til IntraFish onsdag at utgangspunktet for regjeringa er at inntektene til staten frå grunnrenta skal vere i storleiksorden 3,65 til 3,8 milliardar kroner.

Gitt den store innteninga fiskeoppdrettarane har i dag, betyr det ein langt lågare sats enn 40 prosent. Mowi, som er det største lakseoppdrettsselskapet i landet, har berekna at for dei vil grunnrenteskatten bli på rundt 15 prosent, skriv IntraFish.

Næringa har sjølv berekna at ein grunnrenteskatt på 40 prosent vil bety inntekter til staten, såkalla proveny, på om lag 11 milliardar kroner.

420 høyringssvar
Ein grunnrenteskatt på havbruk vart innført frå 1. januar, men detaljane i ordninga er framleis ikkje vedtekne i Stortinget. I høyringa, som vart avslutta for tre veker sidan, kom det inn over 420 svar, og regjeringa jobbar no med å gå gjennom desse og utarbeide eit konkret forslag til Stortinget.

Tysdag gjekk Senterpartiets parlamentariske leiar Geir Pollestad langt i å love at det opphavlege forslaget vil bli endra.

– Ja, det er heilt sikkert, seier Pollestad til Dagbladet.

– Det vil bli endringar, og vi går inn i dette med ope sinn, seier han.

Rett pris
Eit springande punkt er korleis verdien av fisken som blir teken opp frå merdane, skal bereknast. I det opphavlege forslaget frå i haust ville regjeringa bruke den såkalla normprisen, sett av Nasdaq-børsen.

Men dette er blant tinga som kan bli endra, ifølgje Pollestad.

– Vi ønskjer å ha ei verdifastsetjing som fangar opp den rette prisen på laksen. Ikkje noko som gjer at folk må skatte for inntekter dei ikkje har. Vi ønskjer rett verdifastsetjing, som ikkje er for byråkratisk, seier han.

Publisert: 25.01.2023 13:45

Sist oppdatert: 25.01.2023 14:30

Mer om