Tango Seaweed
GURSKEN: Celie Carmona frå Japan og Chantal Leenders frå Nederland testar tørka tang ved Tango Seaweed. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Frå Japan og Nederland for å lære om taredyrking

Tare blir allereie mykje brukt i mat i heimlandet til den eine av praktikantane til Tango Seaweed.

14.07.2022

- I Japan er det allereie stort. Vi har det blant anna i suppe og i sushi, seier Celie Carmona frå Japan.

- I Nederland er tareprodukt hittil lite kjend, endå mindre kjend enn i Norge, men eg er sikker på at interessa raskt vil auke, seier Chantal Leenders frå Asten.

Begge har sidan april hatt praksis hos tareprodusenten Tango Seaweed, samstundes som dei har skrive masteroppgåver ved universiteta dei går på.

- Lærerikt og masse hyggjelege folk. Vi angrar slett ikkje.

Tango Seaweed har tareproduksjonen like ved Herøybrua, medan tørking og vidareforedling skjer i Gursken i Sande kommune.

I 2021 omsette selskapet for 1,3 millionar kroner, og hadde eit resultat før skatt på minus 2,0 millionar.

Tango Seaweed
Årsresultat (i mill kr) 2021 2020
Driftsinntekter 1,3 0,3
Driftsresultat -1,9 -1,8
Resultat før skatt -2 -1,9
Etter ei lita emisjonsrunde i år har vi lyst ut to nye stillingar
Annelise Chapman

Marknaden opnar seg opp
Dagleg leiar Annelise Chapman seier at ein har hatt ein del meirkostnader med etablering av lokaliteten i Haugsbygda.

Ho fortel at årets sukkertaresesong var bra, og at marknaden er i ferd med å opne seg opp.

- Det er framleis mange spørsmål rundt biologi og vekst i sjøen. Vi har køyrd mange testar, for å verte klokare til neste sesong, men situasjonen er no slik at vi vurderer å auke produksjonen.

Chapman opplyser også at teamet skal styrkast.

- Etter ei lita emisjonsrunde i år har vi lyst ut to nye stillingar.

- Vi har tilsett økonomiansvarleg, men leitar framleis etter teamleiar på produksjonssida.

Tare uli kunz
HAUSTING: 12 tonn tare vart hausta frå dyrkingsfeltet ved Herøybrua i vår. Foto: Uli Kunz

Hausta 12 tonn
Totalt vart det hausta rundt 12 tonn med tare. I tørka vekt utgjer det rundt 1,2 tonn.

- Vi har vore med på heile innhaustingsarbeidet. Utruleg lærerikt, seier Celie Carmona.

Ho forskar på reguleringsmekanismer for tareproduksjon med spesiell fokus på miljø og berekraft.

Ho valde Norge og Tango Seaweed fordi ho hadde lyst til å vere nær havet når ho skulle teste kunnskapane i arbeidslivet.

- I Tokyo er det sju millionar menneske, her er det vel rundt 400, så det er ein enorm skilnad. Men eg likar stillheit og ro, og det får eg her.

(saka held fram under)

Tare tørking
TØRKING: Tørking av tare ved produksjonshallen i Haugsbygda. 12 tonn vart til 1,2 tonn etter tørking. Foto: Tango Seaweed

Nye produkt
Chantal Leenders har gjort ei rekke forsøk rundt både utsetjing av tare og hausting av tare. Ho seier at ho hadde lyst til Norge.

- Så dukka namnet Tango Seaweed opp, og eg slo til.

Tareselskapet har utvikla ei rekke ulike produkt, som peanøtter med butare og mandelstrø med butare.

- Eg trur at slike produkt er med å auke interessa for tare som matprodukt, ikkje minst i eit land som Nederland.

Tango Seaweed har ei rekke aksjonærar, men der grunnleggjar Annelise Chapman er størst med 15,9 prosent. Nest størst er Lovise Kvalsund Otterlei med 15,6 prosent.

Selskapet hadde ved årsskiftet ein samla eigenkapital på 2,4 millionar, og ei langsiktig gjeld på 2,3 millionar.

Publisert: 14.07.2022 05:00

Sist oppdatert: 14.07.2022 14:12

Mer om