Nortern Xplorer illustrasjon
UTAN UTSLEPP: Cruisebåten Northern Xplorer har under planlegging skal kunne segle i minst 26 timar før den påfyll av hydrogen og/eller lading av batteri. Illustrasjon Northern Xplorer
Nytt

Jaktar pengar og verft til utsleppsfri båt

Tidlegare The Fjords-sjef vil bygge 14 utsleppsfrie cruiseskip.

16.12.2021

Fartøyet du ser på illustrasjonen er teikna for Northern Explorer av skipsdesignselskapet Multi Maritime og utvikla i samarbeid med ABB.

Går alt som Northern Xplorer-sjef Rolf Sandvik ønskjer har selskapet gjennomført ei kapitalutviding og signert sin første byggekontrakt i første halvår neste år med levering i august 2024.

På ønskjelista hans står også at kontrakten blir signert med eit norsk verft, sjølv om dei første sonderingane tyder på at det er kan vere vesentleg dyrare å bygge i Noreg, enn i utlandet.

- Vi er viljuge til strekke oss ekstremt langt for at det skal byggast i Noreg, seier Sandvik.

Utsleppsfri
Sandvik er tidlegare sjef for reiselivsselskapet The Fjords, og har fleire års erfaring frå cruisebransjen.

Han er grunnleggar at Northern Xplorer og eig i dag selskapet saman med Cleantech Invest Norway AB og David C Westgård Jansson - inntil ei kapitalutviding er gjennomført.

Skipa som selskapet vil bygge inntil 14 av, skal vere 120 meter lange og omlag 20 meter breie. Om bord skal det vere plass til 300 passasjerar og eit mannskap på 100.

Dei skal drivast på ein kombinasjon av hydrogen og batteri, med bio- eller syntetisk diesel reserve-energikjelde, og kunne selge utsleppsfritt i minst 26 timar før batteria må ladast og/eller hydrogentankane etterfyllast.

Startar i Noreg
Planen er i første omgang å etablere drift med tre-fire skip i Noreg, og etterkvart utvide til andre regionar verda over.

Fartøya skal operere i kystområder, og ikkje krysse store havområdet med passasjerar ombord. Modellen er også å operere i tett samarbeid med næringslivet på stadane som blir besøkt, ifølgje Sandvik.

Han seier det førebels er ope kor stor den komande kapitalutvidinga blir og kor mange skip den kan finansiere. Lenger fram i tid er det naturleg med ei børsnotering, ifølgje Sandvik.

Publisert: 16.12.2021 15:47

Sist oppdatert: 31.01.2023 16:35

Mer om