Tarjei Rødset - Aco Anlegg Foto Runar F. Daler-Anleggsmaskinen
GOD VEKST: Daglig leder Tarjei Rødset i Aco Anlegg kan glede seg over rekordår i 2021. Foto: Runar F. Daler/Anleggsmaskinen
Nytt

Kanonår for entreprenørkonsern

Kraftig inntektsvekst og nær tredobla overskudd i fjor. Slik blir det ikkje i år.

Marius Rosbach
24.06.2022

Aco Møre-konsernet hadde sitt beste år nokon gong i fjor. Godt driv i entreprenørverksemda Aco Anlegg løfta resultata til nye høgder.

Det viser rekneskapen som no er offentleg.

– Bakgrunnen er ein bevisst strategi om å vekse, og vi har samtidig hatt tre store prosjekt som ga oss mykje å gjere i fjor, fortel dagleg leiar Tarjei Rødset til NETT NO.

Fleire større prosjekt
Dei tre store oppdraga har vore oppdrettsanlegget til Salmon Evolution på Harøya, utbetring av vegen over Ørskogfjellet og fastlandssambandet Nordøyvegen.

Over sommaren skal alle desse prosjekta vere avslutta. Bygginga av Rørstadmarka skule i Sula har også vore eit større prosjekt, som no snart blir avslutta. vore it psjekt, som snart blir avslutta.

– No vi mellom anna i gong med ein stor jobb på Giskemo for Statnett, fortel Rødset.

Heile konsernet har kring 90 tilsette, og om lag 75 av desse jobbar i Aco Anlegg. Det gjer maskinentreprenørselskapet til eitt av dei største i regionen.

Rekordomsetning og -overskot
Omsetninga for kosernet i fjor enda med ny rekord på 297 millionar kroner. Det ei auke på 24 prosent frå året før – og meir enn ei dobling samanlikna med 2020-rekneskapen.

Rødset fortel at oppkjøpet av ei lokal Veidekke-avdeling mot slutten av 2020, bidrog til å auke aktiviteten.

Lønnsemda var også rekordbra i fjor og konsernet avslutta med eit overskot før skatt på 19 millionar kroner (sjå tabell under).

(Saka held fram under)

Aco Møre (konsern)

Årsresultat (i mill kr)
2021
2020
Driftsinntekter
297,2
225,7
Driftsresultat

20,4

11,5
Resultat før skatt
19,2
8,7

Alt er blitt dyrare
Så langt i år ligg omsetninga på nivå med fjoråret. Men fordi fleire store prosjekt blir avslutta, reknar ikkje Aco Anlegg-sjefen med at inntektene er like høge når året blir avslutta.

– Heller ikkje resultatet vil bli like godt, seier Tarjei Rødset.

Årsaka er den same som for entreprenør- og transportbransjen elles: Auka kostnader.

– Det gjeld både drivstoff, røyr, kummar og sprengstoff. Alt er blitt dyrare, fortel han.

Møtte Frp-leiinga
Dei fleste oppdraga er med avtalt fastpris og dermed må maskinentreprenøren sjølv ta rekninga. Rødset seier dei er nøydd til å «stå i det». Å auke prisen ut til kunden, har dei i utgangspunktet ikkje moglegheit til.

Denne veka var Rødset også ein av fleire bedriftsleiarar som møtte Frp-leiinga i eit forsøk på å påverke politikarane til å kutte avgifter.

– Dette er eit problem for heile bransjen, seier Tarjei Rødset.

Haustar gode erfaringar saman paa Nordoeyvegen
NORDØYVEGEN: Aco-konsernet har gått saman med to andre lokale aktørar i bransjen - Busengdal og Opshaug - i selskapet Anlegg Nordvest. Saman har dei sikra seg oppdrag for fleire hundre millionar på kjempeprosjektet Nordøyvegen. Foto: Klaus Eriksen/Anlegg & Transport

Nytt millionutbytte
Dei siste åra har eigarane teke utbytte på mellom ein og fire millionar årleg.

Det gode fjorårsresultatet ga rom for eit rekordstort utbytte på til saman 9,4 millionar kroner.

Konsernselskapet har ein eigenkapital på drøyt 47 millioner og samla gjeld på knappe 164 millionar.

Ti selskap i konsernet
Aco-konsernet har hovudadresse på Vadset i Ålesund og består av til saman ti selskap. Åtte av dei er heleigde, medan konsernet eig 90 prosent av selskapa Aco Transport og Natursteinpartner.

Entreprenørselskapet Aco Anlegg utgjer hovudverksemda, men også Aco Transport og Aco Utleie har betydelege inntekter.

Største eigarar er Byggtorget Holding som er eigd av Westre-familien, i tillegg til Asle Vatne Drabløs og Håkon Aure, Joakim Høyberg Aure, Odd Krogsæter og Jakta Invest. Sistnemnte er igjen eigd av Aco Anlegg-sjef Tarjei Rødset og Marte Tennebø Rødset.

Publisert: 24.06.2022 11:08

Sist oppdatert: 26.10.2022 08:06

Mer om