Langøy satsar 12,5 millionar
Størst i fersk kapitalutviding . Selskapet vil hente nye 100 millionar i haust.
Ålesund-selskapet Effee Induction som fredag kunne melde om ei 440-millioners-avtale med Equinor, har tenkt til å vekse vidare.
Det som selskapet omtalar som ein «overtegnet emisjon» i pressemeldinga, var ei kapitalinnsprøyting på 27,5 millionar kroner.
Dagleg leiar og grunnleggar Eirik Belland i Effee Induction fortel til Nett No at dei i utgangspunktet hadde som mål å få inn 20 millionar i emisjonen.
Belland fortel at det i hovudsak var eksisterande aksjonærar som fekk høve til å vera med i denne omgang. Det var ikkje noko å utsette på viljen til å vere med, og interessa var stor.
– Vi er veldig audmjuke til å få inn investorpengar. Det er eit enormt ansvar, og vi har vore heldige som har hatt den støtta, seier han.
Langøy inn med 12,5 millionar
Sveinung Henden med familie og venner, saman med Leif Arne Langøy, har vore blant sentrale lokale investorar.
Dei er også med vidare og Langøy var størst blant investorane som var med i den siste emisjonen. Via selskapet Lapas gjekk han inn med nye 12,5 millionar i den siste emisjonen.
Samla er selskapet tilført 180 millionar kroner frå investorar, støtte og anna finansiering.
Belland fortel at selskapet har eit voldsomt høgt aktivitetsnivå om dagen og er i full gong med å auke arbeidsstokken.
Planlegg større emisjon til hausten
Sjølv om Equnior-avtalen vil gi masse arbeid framover, har ikkje Ålesund-selskapet planar om å dempe veksttempoet.
Belland fortel at dei planlegg ein større emisjon til hausten for å «ta eit større løft».
–Vi vil halde fram med å vekse, og vil vekse raskare. Det vil krevje større investeringar. I den neste emisjonen siktar vi mot 100 millionar, som skal brukast til å finansiere vidare vekst, seier han.
Slepp dyre nedstengingar
Teknologien som Effee har utvikla, gjer at Equinor slepp dyre nedstengingar medan reparasjonar blir gjort. Rammeavtalen med olje- og energiselskapet har ein forventa verdi på minimum 440 millionar kroner.
Kontrakta omfattar alle Equinor-anlegg, både til havs og på land. Avtalen er på fire år, med opsjonar på to pluss to år.
Effee Induction og Equinior har samarbeidd om å utvikle metoden, som kombinerer avansert materialteknologi, robotsveising og 3D-printing i metall.
Publisert: 10.05.2024 11:58
Sist oppdatert: 10.05.2024 17:35