Momentiumeffekten: Løner mange med musikk og moro
– Etter at Momentium starta opp, fekk vi ein ungdomskultur byen ikkje hadde før, meiner kultursjefen i Ålesund.
Då Jugendfest, årets største arrangement for Momentium, opnar dørene, ligg Ante Giskeødegård rett ut på ein sofa og sjekkar mobilen.
Den tida er over då han og medgründer Lars Berg Giskeødegård spring som «strikkballar» for å «sløkke brannar» når det brakar laust.
– I dag er vi reservestyrken og har ingen faste oppgåver. Vi trår til der det trengst, seier Lars då Nett No møter han kort tid før opninga av festivalen på Color Line Stadion.
- Jul- og nyttårsdagane legg redaksjonen ut ei rekkje artiklar som tidlegare er publiserte i årets NETT NO-magasin. Artiklane er opne også for ikkje-abonnentar.
- Les heile magasinet her
Då hjelper han til med å få selfie-standen til Sparebanken Møre til å fungere. Den andre delen av sjefsduoen har òg med seg sonen, som allereie har nokre års erfaring som festivalarbeidar.
Momentium starta med ein musikalsk vennefest i fjøra, og har vakse til å bli den største kulturarrangøren i regionen.
Kultursjef Oskar Skulstad i Ålesund meiner selskapet fylte eit tomrom etter oppstarten i 2008. Tidlegare var det ikkje noka fast musikkscene for dei yngste i Ålesund. Artistar reiste gjerne utanom byen på turne.
– Etter at Momentium starta opp, fekk vi ein ungdomskultur byen ikkje hadde før. Den var ekstremt viktig for oss, fortel han.
Konsertane og festivalane gav også ringverknader. Ei masteroppgåve undersøkte økonomien rundt Momentium-verksemda i 2017. Då fortalde både hotell- og utelivsbransjen og taxinæringa om stor pågang og meir business under store arrangement som Sommerfesten og Jugendfest.
I 2019 meinte reiselivsdirektør i NHO, Kristin Krohn Devold, at Momentium var ein «reason to go» til Ålesund.
Er blitt samlingsplass for næringslivet
Ein kjerne på fem–seks personar held i trådane når kring 8000 Jugendfest-publikummarar er på veg inn portane. For mange er det årets høgdepunkt på kulturfronten i Ålesund.
Det er også er ein stor samlingsplass for næringslivet. Festivalarrangørane har jobba mykje for å gjere seg tilgjengelege for lokale bedrifter. Fleire firma nyttar festivalturar i rekrutteringsarbeidet.
– Dei siste åra har det kome inn ein del yngre folk i HR-avdelingane i lokale bedrifter. Dei ser i større grad kor viktig kulturtilbodet er for å trekke til seg nye tilsette. Det har ein verdi på lik linje med friluftslivet som landskapet rundt oss kan by på, fortel sponsoransvarleg Idar Giskegjerde i Momentium.
I bankettavdelinga er det dekt på eigne bord til alt frå skipsdesignselskap, advokatfirma og regionavisa. I løpet av festivalhelga blir det servert middag her til meir enn tusen gjestar.
Serveringa er samtidig årets største oppdrag for Norbruk, eit catering- og kantineselskap som har sprunge ut av miljøet kring kulturgründerane.
– Å få med næringslivet har vore ein nøkkel for å få økonomien til å gå rundt. At dei brukar tilboda våre i så stor grad, bidreg til at vi kan halde på med dette, legg Lars Berg Giskeødegård til.
Å få med næringslivet har vore ein nøkkel for å få økonomien til å gå rundt
Grunnlag for nye bedrifter
Ein annan «Momentium-effekt» er at nye bedrifter har sprunge ut frå miljøet rundt Ante og Lars.
Programvareselskapet Kodebyraaet og billettselskapet Tikkio er to døme. Kjetil Aarseth er gründer av sistnemnde selskapet, og han er ikkje i tvil om at koplingane til Momentium gjorde vegen lettare for dei.
– Vi fekk ei utruleg draghjelp. Eg kunne berre snu stolen, eller gå over gangen, og spørje folk som var fantastisk flinke på arrangørsida, om alt mogleg, fortel Aarseth.
Tikkio-gründeren samanliknar utvekslinga av erfaringane i dette miljøet med den maritime klynga som regionen er så kjend for.
– Det ligg noko i ordtaket om å samarbeide når ein kan, og konkurrere når ein må. Ved å vere ein del av det universet kom vi tett på marknaden vår på ein måte vi ikkje kunne gjort elles, seier Aarseth.
Då Momentium-gründerane meinte at dei like gjerne kunne brygge sin eigen øl som å selje andre sin, resulterte det i bryggeri- og serveringsverksemda Molo Brew. Og for å lokke artistane til å spele i ein «utkant» av Bygde-Noreg starta dei musikkstudioet Ocean Sound Recordings.
Har tusen på lønningslista
Jugendfest er framleis det største arrangementet i løpet av året. Sommerfesten og Ålesund Live har hatt ulike former opp gjennom historia. Samtidig har dei arrangert konsertar med artistar som Green Day og Bryan Adams.
Momentium har også satsa på eigne arrangement for næringslivet, der Øygardshamna på Giske speler ei sentral rolle. Her er både arrangementslokale til konferansar og base for andre selskap.
– Eg meiner Ante og Lars har vore fantastiske til å sette i gang ting. Og det er viktig å våge. Noko har vore veldig vellukka, og så er der andre ting som ikkje har fungert like godt, men ein veit ikkje kva som verkar før ein har prøvd det ut i marknaden, seier seier Aarseth og omtalar det som «ekte sunnmørsk gründerånd».
Til å hjelpe seg har Lars og Ante-duoen ei rekke kollegaer og ein stor flokk frivillige som er drilla på korleis ein arrangerer festival. Lars er ikkje heilt sikker på kor mange som er i sving, men det dreiar seg om fleire hundre menneske.
– Eg fekk fortalt her om dagen at vi hadde tusen personar på lønningslista i løpet av fjoråret. Mange av dei er personar som for eksempel jobbar nokre timar for eit idrettslag eller ein organisasjon, fortel han.
I løpet av eitt år brukar dei kring to millionar kroner på hjelp frå frivillige.
– Det gir ein trippeleffekt der folk får eit godt kulturtilbod, vi får hjelp til å gjennomføre arrangementet, og så får lag og organisasjonar pengar i kassa.
Vennefest i fjøra
Det heile starta med søskenbarna sin kjærleik til musikken heime på øya Giske.
Ein «spleisefest» i fjøra med gode vener utvikla seg først til å bli festivalen Sommerfesten. Han nådde ein topp i 2011 då det truleg var fleire enn 25 000 besøkande.
Då hadde fleire av dei andre snøballane starta å rulle.
– Vi har ønskt å bidra til eit rikare kulturliv og har investert mykje i å bygge opp den kulturelle infrastrukturen. Slik har vi fått eit apparat som kan ta imot alt frå store konsertar til festivalar, seier Lars. I dag har Momentium-konsernet godt over 100 millionar kroner i årleg omsetning. Pilene har stort sett peika opp for aktiviteten, men ikkje alltid.
I 2013 var omsetninga nede i 14 millionar, og overskrifta på saka om årsresultatet i Nett No var «Kutta seg til pluss».
Har spissa verksemda
Lønsemda til kulturaktørane har òg vore varierande. Då pandemien slo til, stod brått heile livsverket på spel.
I kjølvatnet har Momentium teke grep og spissa verksemda. For eksempel er event-satsinga avvikla.
– No brukar vi mest mogleg av ressursane på det som handlar om å lage kulturarrangement på eigne konsertplassar, eller festivalar. Det er jo kjernen i det vi bør drive med, seier Lars.
Førebels har dei etablert seg med konsertscener i Stavanger og Haugesund. Og dei har planar om å utvide til fleire plassar.
– Vi har vore litt «all over the place», men no forsøker vi å straumlinjeforme oss meir, seier han.
Sidan Momentium starta opp, har sjølve bransjen vakse kraftig i omfang. No trur gründerane at bransjen kan stå overfor ei avskaling.
– Eg trur at større konkurranse og høgare kostnader ved å arrangere vil føre til at fleire gir opp, seier Lars.
Renoverte storstove i byen
Løvenvold Theater er det siste tilskotet til kulturen i Ålesund. Lokale forretningsfolk har teke investeringa med å renovere den tidlegare storstova. Momentium står for drifta.
Her blir det servert alt frå kino, show, konsertar og foredrag.
Kathrine Synnes Finnskog som har leia musikkbransjens eksportorganisasjon, Music Norway, sidan oppstarten i 2012, blei henta heim for å leie satsinga. Allereie første driftsåret enda i pluss, og ei rekke show har vore utselt.
– Vi kunne aldri ha sett i gang med Løvenvold om vi ikkje hadde den erfaringa vi har bygd opp, fortel Lars.
Ute på Color Line Stadion er årets Jugendfest i gang. Sjefsduoen og resten av den sentrale arrangementsgjengen har flytta opp i 6. etasje. Her har dei utsikt over heile stadionen. Ante konstaterer at vêret ikkje er det beste, og ser bekymra opp mot himmelen.
– Det er noko vi uansett ikkje rår over. No får det eigentleg berre stå til.
- Jul- og nyttårsdagane legg redaksjonen ut ei rekkje artiklar som tidlegare er publiserte i årets NETT NO-magasin. Artiklane er opne også for ikkje-abonnentar.
- Les heile magasinet her
Publisert: 26.12.2024 05:00
Sist oppdatert: 25.12.2024 14:45