Elisabeth Holvik Atlanterhavsparken Foto Marius Rosbach 11
ÅLESUND: Sjeføkonom Elisabeth Holvik i Sparebank 1 meiner svekka norsk eigarskap kan utgjere ei fare for oppkjøp av bedrifter frå utlandet. Måndag ga ho sine perspektiv på formuesskatt på arbeidande kapital under stiftingsmøtet til aksjonen for norsk eigarskap på Atlanterhavsparken i Ålesund. Foto: Marius Rosbach
Nytt

– Norske bedrifter kan bli selde på billegsal

Årsaka til at stort sett heile Europa droppa skatt på å eige bedrifter, blir knapt nemnt i diskusjonen om formuesskatt i Norge.

Marius Rosbach
21.03.2023

Sjeføkonom Elisabeth Holvik i SpareBank 1 tok livet av fleire myter om det norske skattenivået då aksjonen for norsk eigarskap var samla til stiftingsmøte måndag.

Ho viste til at årsaka til at dei fleste land i Europa har fjerna formuesskatten i løpet av dei siste åra, har lite med behovet for å få pengar til statskassa å gjere.

– Det har vore ei oppvakning fordi dei har sett at formuesskatten svekker den nasjonale eigarskapen i næringslivet, påpeika Holvik.

– Svekka den nasjonale eigarskapen
Diskusjonen ute i Europa blussa opp etter at det vart kjent at det tyske robotselskapet Kuka var i ferd med å bli kjøpt opp frå Kina i 2016.

– Då vart det ein større debatt som dreia seg om kontroll av forsvarsindustri, men også på utvikling av teknologi og infrastruktur, utdjupar Holvik til NETT NO.

I etterkant har dei fleste land i Europa, også våre nordiske naboland, fjerna formuesskatten heilt. I dag er det berre Sveits og Spania - i tillegg til Norge - som har ei form for formuesskatt på det å eige bedrifter, og skattetrykket er lågt samanlikna med Norge.

– Frankrike var det siste landet som fjerna formuesskatten etter ei kraftig utflytting. Også dei såg at skatten svekka den nasjonale eigarskapen, seier ho.

Aksjon for norsk eigarskap foto marius rosbach 11
FULLT HUS: Fleire enn 200 personar stilte opp til stiftingsmøte for aksjonen for norsk eigarskap, som inviterte til kick-off på Atlanterhavsparken. Knut Flakk og Roger Hofseth starta aksjonen som har som mål å fjerne formuesskatt på arbeidande kapital. Foto: Marius Rosbach

Kan vere farleg for nasjonen på sikt
Utfordringa for bedriftseigarar som må betale millionar i formuesskatt er at mykje av verdiane er bundne opp i bedriftene. Og sjølv om bedriftene skulle gå med underskot, må den personlege skatten likevel betalast.

Konsekvensen er at bedriftene blir tappa for kapital, slik mellom anna Knut Flakk og Roger Hofseth åtvarar mot. Sjeføkonomen i Sparebank 1 meiner den utviklinga på sikt kan vere farleg for nasjonen.

Om det skulle oppstå ei bank- eller finanskrise, så vil det ikkje vere enkelt for ein bedriftseigar å låne pengar til å betale skatt
Elisabeth Holvik

Ho viser til at Kina, Russland og andre nasjonar ønsker å styrke sin posisjon globalt, og at dei mellom anna gjer det ved å kjøpe vestlege bedrifter.

– Om det skulle oppstå ei bank- eller finanskrise, så vil det ikkje vere enkelt for ein bedriftseigar å låne pengar til å betale skatt. Resultatet kan bli at norske bedrifter kan bli selt på billegsal til utlandet, påpeiker Holvik.

Ingen statistikk over bedriftskjøp
Med ei rekordsvak krone kan det bli ekstra billeg for utlendingar å kjøpe norskeigde bedrifter.

Holvik understreka til forsamlinga på Atlanterhavsparken at det ikkje blir ført statistikk over kven som kjøper norske bedrifter i dag.

Dei som handterer slike sal, kan samtidig fortelje at om lag halvparten av bedriftene som får nye eigarar om dagen, endar på utanlandske hender, ifølgje sjeføkonomen.

– Ikkje vanskeleg om ein vil
Det er hevda frå politisk hald at det er vanskeleg å skilje arbeidande kapital frå anna formue. Det var mellom anna forklaringa til næringspolitisk talsperson Per Vidar Kjølmoen ga etter å ha spurt finansdepartementet om saka.

Det er ei oppfatning sjeføkonomen berre delvis er samd i.

– Det er ikkje vanskeleg om ein vil, men problemet er gjerne at også aksjar må haldast utanfor. Og det har ein gjerne ikkje så lyst til, seier ho.

– Meiner du det blir oppfatta som vanskeleg fordi ein då ikkje får inn så mykje pengar som ein ønsker i skatt?

– Ja, det er en del av problemet. Det andre er at det blir oppfatta som ein måte å skattlegge dei rike slik at dei skal bidra til eit likare samfunn, svarar Holvik.

Ho meiner det openbert er mogleg å finne andre løysingar på det - og samtidig fjerne formuesskatten på arbeidande kapital.

– Det er berre å sjå til korleis alle dei andre landa som har fjerna denne skatten har gjort det. Verken Sverige, Finland, Danmark, Tyskland eller Frankrike har denne type skatt. Heller ikkje statleg eigde bedrifter i Norge blir råka av denne skatten, legg Holvik til.

Industribedrifter blir skatta hardt i Norge
Elisabeth Holvik meiner det er ei seigliva myte at Norge har låg skatt på formue samanlikna med andre land.

Når det kjem til skatt på bedriftseigarar ligg Norge høgt internasjonalt, påpeiker ho.

– Industribedrifter blir skatta hardt i Norge, men vi har ikkje arveskatt og vi har låg skatt på eigedom samanlikna med mange andre land, seier ho.

Publisert: 21.03.2023 05:00

Sist oppdatert: 21.03.2023 05:08

Mer om