Ulstein-selskap med på stort oppdrettsprosjekt
Har trappa opp bemanninga for å handtere oppdrag med lukka løysing dei håpar skal bli ny bransjestandard.
Teknologiselskapet Susteni har kome fleire steg vidare med å utvikle forretningsverksemda. Eit større oppdrag innan havbruk er mellom jobbane som har kome inn i ordreboka i løpet av dei siste månadene.
- Dette er eit av dei mest spennande og framtidsretta konsepta eg har sett innan oppdrettsbransjen. Vi er audmjuke over å bli føretrekt til å vere med å prosjektere dette anlegget, seier dagleg leiar Arild Hatløy til NETT NO.
Håpet deira er at løysinga skal bli den nye bransjestandarden.
- At vi er blitt engasjert i dette prosjektet, er ei fjør i hatten for Susteni, legg han til.
Lukka løysing som kan koplast saman
Det Ulsteinvik-baserte selskapet skal designe og teikne den nyskapande oppdrettsløysinga kalla Hexacage – eit konsept eigd av Westcon Hexacage As.
Kvar enkelt merd er laga av stål og skal flyte i sjøen, og vil ha ein diameter på 36 meter og ei høgde på 28 meter.
- Alle merdane er tette og det er ikkje utslepp til sjøen. Anlegget kan også driftast med nullutslepp og lågt energiforbruk, fortel Jan Ove Kleppe som har ansvaret for å halde trådane i prosjektet i Susteni.
Løysinga er modulbasert og kan settast saman seks og seks merdar, der alle er kopla til ei sentereining med kontrolltårn og system for fôring og energibruk.
Konseptet er klargjort for å kunne gjere nytte av alt frå solenergi, vindkraft og straum frå batteri eller kabel frå land.
Meir skånsamt for fisken
Kleppe fortel at teknologien er robust og at merdane har fått stålkragar og kaikant kring anlegget, som gjer at det skal tole sjølv ein skipskollisjon.
– Det som er heilt spesielt med anlegget er at du unngår lus og at ein ikkje pumpar ein einaste fisk
Når fisken skal over i brønnbåt blir heile merden løfta og fisken ‘flyt over’ til for eksempel ein brønnbåt. Den patenterte løysninga skal vere meir skånsam for fisken, enn tradisjonelle metodar - og gir betydeleg mindre fiskedød.
Har tilsett to nye ingeniørar
For å handtere arbeidet med det store havbruksprosjektet og andre oppdrag, har Ulstein-selskapet allereie auka bemanninga med to tilsette. Dei to ingeniørane Olve Brandal og Daniel Gelep er begge i gong.
– Med den bakgrunnen dei har, så går dei rett inn i prosjektarbeidet og kan bidra med verdiskapinga i bedrifta, seier Hatløy.
Brandal har erfaring frå Kleven-verftet og solid kunnskap om styrkeberekning som vil vere viktig i det store oppdrettsprosjektet.
Gelep si ekspertise går mer i retning av maskin og røyr. Han vil jobbe spesielt med eit verktøy dei har fått gode tilbakemeldingar på: Ein avansert skannar som kan skape ein nøyaktig digital kopi av eit skip.
- Det er eit viktig verktøy for oss når vi jobbar med ombygging, seier Per Arne Jarnes.
Selskapet har også under utvikling sin eigen programvare for sparing av drivstoff som har fått støtte frå Innovasjon Norge.
Jobbar saman med ingeniørnettverk
I første rekke dreiar forretningsverksemda til Sustena seg om energiøkonomisering og korleis reiarar kan gjere gode klimaval.
Dei skal levere teknologi både til fartøy, riggar og fabrikkar på land og havbruk – og har sikra seg oppdrag for lokale reiarar på dette området.
For å handtere større prosjekt har Susteni alliert seg med eit nettverk med fleire 100 ingeniørar fra ulike fagmiljø.
- Vi vil også bruke spisskompetansen vi har gjennom dette nettverket. I dette tilfelle vil det vere ingeniørar i Polen som vil bidra, fortel dagleg leiar Arild Hatløy.
Han fortel at desse ingeniørane allereie har vore involvert i liknande prosjekt og har god kunnskap på området.
Publisert: 05.06.2023 17:09
Sist oppdatert: 05.06.2023 17:09