Nytt kystvaktskip til Ulstein
Det andre av tre milliardskip frå Vard inn til klargjering.
Laurdag vart eit nytt kystvaktskip slept inn til Ulstein Verft for siste klargjering. Ved 11-tida kom det snart ferdige skipet inn Ulsteinfjorden ved hjelp av to slepebåtar, før det vart buksert til kai ved verftet.
Dette andre skipet i Jan Mayen-klassen, KV Bjørnøya, skal etter planen bli overlevert i midten av 2023.
Sprenger kapasiteten
NETT NO har tidlegare omtala korleis kjempeoppdraget til Vard med å bygge dei tre skipa, sprenger kapasiteten til verftkonsernet.
Alle kystvaktfartøya skal i dokk før levering for reingjering, utsjekk og nokre mindre justeringar.
- Vard har ikkje eigen dokk-kapasitet til desse fartøya, og har difor gjort ein avtale med Ulstein i forbindelse med denne jobben, fortalde kommunikasjonssjef Hege Anita Akselvoll i Vard tidlegare i vår.
Les også
Første skip snart i bruk
Det første kystvaktskipet vart døypt KV Jan Mayen i fjor haust, men hadde då ikkje fått installert det militære utstyret om bord. Skipet kom til Ulstein verft for klargjering i mars, og ligg no til kai ved Langsten-verftet til Vard i Tomrefjord.
Forsvaret har tidlegare opplyst at det første skipet skal gjennom testseglas, innkøyring, testing og opplæring av besetninga, før fartøyet skulle takast i bruk i andre kvartal.
Skroget til det siste av dei tre skipa, KV Hopen, vart slept frå Vard sitt verft i Romania, og kom til Langsten-verftet i slutten av januar. Skipet skal etter planen leverast neste år.
Fekk fart på inntektene
Verdien på oppdraget for Vard er på 5,4 milliardar kroner. Heile prislappen for dei tre skipa er på 7,2 milliardar kroner, og er mellom dei største maritime innkjøpa det norske forsvaret har gjort.
Oppdraget viste også igjen i rekneskapane til Vard-eigar Fincantieri mot slutten av fjoråret. Bygginga av dei militæra skipa medverka til å nær doble driftsinntektene til forretningsområde offshore- og spesialskip konsernet.
Publisert: 22.04.2023 12:08
Sist oppdatert: 22.04.2023 13:10