Brødrene Sperre Foto Nanseth Media
NYE REKORDAR: Brødrene Sperre sette nye rekordar i fjor, men møter fleire utfordringar i marknaden. Foto: Nanseth Media
Nytt

Rekord på rekord for Brødrene Sperre

Stigande priser, krigen i Ukraina og valutauro i Egypt sett likevel preg på verksemda til sjømatbedrifta.

Marius Rosbach
13.06.2023

Brødrene Sperre på Ellingsøya sette nye rekordar i fjor med rekordhøge inntekter og driftsresultat. I fjor selde dei pelagisk fisk og kvitfisk for meir enn 2,5 milliardar og fekk eit driftsresultat på meir enn 157 millionar.

Begge delar er rekord – men lønnsemda gjekk eit knepp ned samanlikna med 2021 (sjå tabell under).

Det høyrer med til historia at bedrifta også i 2021 var eit rekordår på fleire vis - etter minusresultat året i forvegen.

Brødrene Sperre på Ellingsøya er det klart største selskapet i Sperrefish-konsernet, og ein av dei største klippfiskprodusentane i Noreg. Resultatet til konsernet er ikkje klart enno.

Brødrene Sperre
Årsresultat (i mill kr)
2022
2021
Driftsinntekter
2525
2166
Driftsresultat
157,5
129,6
Resultat før skatt
121,9
123,9

Fryktar tap i Egypt
Brødrene Sperre har vekse betydeleg i Egypt, mellom anna grunna redusert sal til av fisk til Ukraina. Etter stor valutauro i Egypt fryktar leiinga at dei ikkje vil få betalt. Dei har difor teke høgde for tap på uteståande fordringar på åtte millionar kroner.

– Det har gått ein del pelagisk fisk til Egypt dei siste åra. Landets valutaproblem har ført til at det i vinter har teke veldig lang tid å få betalt for varene, rett og slett grunna manglande tilgang på amerikanske dollar i landet, fortel Brødrene Sperre-sjef og medeigar, Inger-Marie Sperre til NETT NO.

Det er utfordrande å tilpasse innkjøp og produksjon i den nye situasjonen i marknaden. Sterkt stigande råvareprisar gjer det særleg krevjande, skriv leiinga i årsrapporten.

Inger marie sperre montasje brødrene sperre foto ogne brødrene sperre 11
FAMILIEBEDRIFT: Inger-Marie Sperre leier den familieeigde bedrifta som eksporterer fisk til store delar av verda. Foto: Ogne Øyehaug

Ulik påverknad av Ukraina-krigen
Krigen i Ukraina pregar også marknaden for sjømat i 2023. Bortfall av kundemassen fører til utfordringar, spesielt for nokre pelagiske produkt som reker og torskerogn.

Den russiske torsken, som tradisjonelt har vore ein viktig råvare til klippfiskproduksjon, er no i mindre grad tilgjengeleg i marknaden.

Samtidig påpeiker selskapet at dei møter sterk konkurranse frå varer basert på russisk råstoff. Årsaka er at det er produkt i marknaden frå land som ikkje føler seg bundne av sanksjonane som verdssamfunnet har sett i verk mot Russland, skriv leiinga i årsrapporten.

Podium

E20/S4 Uro – krise eller moglegheiter ? - med NHO-sjefen og Inger-Marie Sperre

Prisauke prega fjoråret
Selskapet skriv i årsrapporten at 2022 var prega av stigande priser på fleire vis. Både råvarer og andre innsatsfaktorar – og prisen på produkta gjekk opp – sistnemnte har verka positivt inn på resultatet.

Manglande fiskeriavtaler mellom landa i Nordsjøbassenget har ført til auka makrellfiske, som igjen har gitt god utnytting av det pelagiske anlegget.

Ein jamnare tilgang på råvarer er nødvendig for å sikre betre utnytting av fabrikkane og arbeidskrafta.

Saman med kundane er det blitt jobba hardt for å ta igjen auka kostnader ved produksjon og transport. I år vil selskapet effektivisere og koordinere drifta ved dei tre produksjonsanlegga sine.

Solid eigenkapital
Trass utfordringane påpeiker styret at selskapet er solid og at likviditeten er god. Det gjer dei godt rusta ti å jobbe vidare med utfordringane framfor dei.

Selskapet har ein samla eigenkapital på drygt 436 millionar kroner, og ei langsiktig gjeld på 233 millionar.

Brødrene Sperre er eigd av Sperre-familien via Sperrefish-konsernet der Arne Martin og Inger Marie Sperre eig 24 prosent kvar.

Ingrid Ørskog Sperre og Kristoffer Ørskog Sperre eig kvar 23,5 posent, medan Kjetil Sperre eig 5,0 prosent.

Publisert: 13.06.2023 11:24

Sist oppdatert: 13.06.2023 11:23

Mer om