Kristine Aarvik Bakken foto K Aa B Tone Molnes
SATSA PÅ BUTIKK: Over 90 prosent av driftsinntektene til Kristina Aarvik Bakken i Kaab Bryggeri kjem får butikkhandel. I koronatida satsa ho på butikkleddet Foto: Tone Molnes/Kaab Bryggeri
Nytt

Lanserte bryggeri midt i koronatida

Etter fem år som ølbryggar på hobbybasis satsa Kristine Aarvik Bakken på eige firma og kommersiell drift.

20.05.2021

- Eg har gått med denne tanken sidan før koronatida, seier Kristine Aarvik Bakken, eigar og dagleg leiar i Kaab Bryggeri i Langevåg.

Selskapet blei etablert i 2019, og kom i marknaden med sitt første øl i november i fjor.

Inntil vidare er bryggeriet ein deltidsjobb for sjukepleiarutdanna Bakken, som er både bryggerimeister og altmoglegkvinne. Slik blir det og framover, men på lenger sikt er håpet at selskapet blir ei sjølvgåande familiebedrift, seier Bakken.

Satsa på butikk
Koronaepidemien stoppa ikkje lanseringa i fjor, men påverka korleis ho satsa.

Bakken gjekk til butikkleddet, over 90 prosent av salet skjer i daglegvarebutikkar.

Ho har distribusjonsavtale både med Spesialgrossisten og med Asko, men med hovudtyngda av salet på Nordvestlandet.

(Artikkelen held fram under)

Kenneth løken Frank Maråk geiranger Bryggerig foto Ogne
TIDLEGARE OPNING: I fjor vart ikkje vegen over fjellet austover opna før lang tut i juni. No håpar Frank Maråk (t.h) at årets tidlege opning vil gi bryggeriet i Geiranger drahjelp i vårsesongen. Foto: Ogne Øyehaug

Godt og gale
For Geiranger Bryggeri slo koronaepidemien to vegar i fjor. Restaurant- og hotellmarknaden, som er den viktigaste for bryggeriet i Geiranger krympa generelt, men samstundes fekk bryggeriet bestillingar frå restaurantar som ikkje tok sjansen på å bestille stort frå store bryggeri.

Bryggeriet hadde og to ølsortar inn på Vinmonopolet sitt basisutval, som gav distrubusjon i heile landet.

Hittil i år er koronakonsekvensane meir negative enn på same tid ifjor.

- Til no i år er det frykteleg dårleg seier dagleg leiar og medeigar Frank Maråk i Geiranger Bryggeri.

Men framover ser han meir optimistisk på det, sjølv om han ikkje trur bryggeriet klarer å ta att det tapte i starten av 2020.

Geiranger er ein viktig marknad for bryggeriet og i år er vegen over fjellet austover allereie opna, medan den i fjor først vart opna langt ut i juni.

Synnøve Bjørnstad Stein Harald Døving Tonga Gardsbryggeri foto Ogne
SERVERING: Synnøve Bjørnstad og Stein Harld Døving i Tonga Gardsbryggeri aukar satsinga på servering av mat og brygg heime på garden. Foto: Ogne Øyehaug

Meir servering
Hos Tonga Gardsbryggeri i Norddal i Fjord kommune er Synnøve Bjørnstad i gang med brygging for høgsesongen i sommar.

Bjørnstad og sambuar Stein Harald Døving driv bryggeriet saman, og har dei siste åra auka satsing på servering av mat og eige brygg heime på garden, saman med gardsutsal.

Som hos Geiranger Bryggeri ligg Tonga Gardsbryggeri etter i salet samanlikna med same periode i fjor. Men Bjørnstad bryggar for å handtere ei opning i løpet av sommaren, som både gjer det råd å samle folk på garden, som slepp utanlandske turistar inn og som gjer at hotell- og restaurantmarknaden kjem attende for fullt.

Geiranger Bryggeri as
Tal i mill. kroner20202019
Driftsinntekter2,42,5
Driftsresultat0,30,2
Resultat før skatt0,20,1
Tonga Gardsbryggeri as
Tal i mill. kroner20202019
Driftsinntekter1,31,4
Driftsresultat0,20,03
Resultat før skatt0,2-0,04
Kaab Bryggeri as
Tal i mill. kroner2020
Driftsinntekter0,2
Driftsresultat-0,1
Resultat før skatt-0,1

Publisert: 20.05.2021 06:00

Sist oppdatert: 02.07.2021 18:12

Mer om