Rem Power prøvetur foto Vard 11
SØVIKA: Det 85 meter lange og 19,5 meter breie spesialskipet for offshore vind er bygd ved Vard Søviknes-verftet. Foto: Vard
Nytt

Rem døyper vindskip

Får levert første av to skip frå Vard som går rett i arbeid.

Marius Rosbach
10.05.2023

Fredag inviterer Herøy-reiarlaget Rem Offshore og Vard til dåp av eit nytt vindskip ved Skansekaia i Ålesund.

Christin Engh er gudmor for skipet som vil namnet Rem Power, og seremonien startar klokka 14. Etterpå er det omvising ombord for inviterte gjestar.

Skipet er allereie sikra arbeid dei neste to åra for Sofia Offshore Wind Farm på Doggerbanken i Nordsjøen.

Første av to skip
Rem Power er den første av minst to CSOV-ar (Construction Service Operating Vessel) Vard skal bygge for selskapet Rem Purus.

Skipet vil mellom anna vere det første som deltek i Ocean Charger-prosjektet, der Vard og partnarar utviklar eit ladesystem til havs. Skipet har eit Vard 4 19-design som er utvikla ved Vard si avdeling i Ålesund.

Dei siste dagane har skipet vore ute på prøvetur og ligg onsdag i Sulafjorden, ifølgje AIS-sporinga.

Har opsjon på to skip til
Rem-reiarlaget skal også bygge eit anna vindskip hos Vard. Nummer to skal byggjast ved verftet Vung Tau i Vietnam.

Kontrakten hadde ein samla verdi på rundt 100 millionar euro, og det er i tillegg opsjonar på to skip til.

Det er venta fleire at det blir bygd ein rekke slike spesialskip for havvind framover. Tysdag blei det kjent at Vard har sikra seg bygging av to vindskip for eit britisk selskap.

Publisert: 10.05.2023 09:23

Sist oppdatert: 10.05.2023 15:03

Mer om