
Sikra seg konsesjonar frå konkursbu
Hofseth Aqua håpar å nytte torskeløyver til ny lakseoppdrett i Storfjorden.
Selskapet Hofseth Aqua har sikra seg fire konsesjonar til å drive oppdrett av torsk i Storfjorden.
Det har dei gjort ved å kjøpe konsesjonane frå konkursbuet etter Purecod. Bustyrar Bjørn-Ivar Borgund fortel at Hofseth-selskapet fekk tilslaget for 325.000 kroner.
Les også
Vil drive lakseoppdrett
Roger Hofseth som er dagleg leiar og eigar av Hofseth Aqua, fortel at kjøpet har sikra seg konsesjonane og klarert lokaliteten.
– Vi håpar å få gjort om lokaliteten til laks i staden for torsk, seier Hofseth til Nett No.
Som kjent driv Hofseth med oppdrett av laks og aure – men ikkje torsk. Det er heller ikkje aktuelt skal vi tru Hofseth.
– Nei, akkurat no har eg iallfall nok å styre med, seier Hofseth - som mellom anna driv med oppdrett, foredling og eksport i Hofseth International-konsernet.

Kreditorane får truleg halv million
Oppdrett i regi av den nye eigaren skal i tilfelle skje der Purecod hadde planar om å drive, rett ved slektsgarden til initiativtakarar, Mikael Lade Rønes.
Selskapet hadde løyve til ein årleg produksjon på 5000 tonn torsk under optimale forhold.
Det var ikkje stort av verdiar i buet utover konsesjonane. Per i dag ligg det an til at kreditorane får kring ein halv million kroner til fordeling, ifølgje bustyrar Bjørn-Ivar Borgund.
Nokre av kreditorane har frist til starten av august med å godta, eller vil seie seg usamde i innstillinga frå bustyraren. Etterpå vil truleg konkurssaka bli sluttført.
Fleire konkursar
For Purecod-gründer Mikael Lade Rønes, har problema halde fram etter at draumen om oppdrett ved familiegarden i Storfjorden fall i grus.
Hovudselskapet til Rønes, Global As, blei slått konkurs i sommar. Bakgrunnen for konkursen er eit krav frå skattestyresmaktene på 3,2 millionar. Rønes har sagt seg usamd i kravet og anka avgjerda.
Rønes vart også slått personleg konkurs i vår, etter krav frå den Sveits-busette investoren Bjørn Apeland. Også denne konkursen var Rønes usamd i.
Publisert: 06.08.2024 05:00
Sist oppdatert: 05.08.2024 23:45