![Maritime partner ambulansebåt foto maritime partner 22](/imager/images/1955040/maritime-partner-ambulansebåt-foto-maritime-partner-22_859d8f71e51cdcc79197ecd3648d156c.webp)
Sjette år med underskot for båtbyggjarar
Forseinka prosjekt øydela sjansane for overskot i fjor. I år blir resultatet betre.
Etter fem år i minus håpte Maritime Partner i Ålesund å kome i pluss i fjor, etter å ha hanka inn ein rekke nye oppdrag.
2022-rekneskapen som no er klar frå Brønnøysundregistera, viser likevel eit nytt underskot for båtbyggjarane som held til i Breivika.
– Vi hadde eit par prosjekt som blei forseinka, og den innteninga vi håpte skulle komme i fjor, kjem heller i år, fortel administrerande direktør Torstein Heggstad til NETT NO.
Ålesundaren tok over roret i selskapet tidlegare i år, medan mangeårig leiar Peder R. Myklebust gjekk over i ei ny stilling.
Maritime Partner (konsern) | ||
Tal i mill. kroner | 2022 | 2021 |
Driftsinntekt | 182,8 | 130,5 |
Driftsresultat | -0,4 | -2,8 |
Resultat før skatt | -4,4 | -6,3 |
Les også
Trur på pluss i år
Maritime Partner leverte 30 båtar i fjor. Det førte til at inntektene gjorde eit solid byks i fjor samanlikna med året før, og enda på knappe 183 millionar kroner.
I år har ordrereserven auka og reknar selskapet med å levere fleire båtar enn i fjor. Heggstad trur på pluss i rekneskapen.
– Vi er på rett veg og resultatet blir betre i år. Men det er vanskelege rammevilkår vi jobbar under for tida, og eg vil derfor vere forsiktig med å komme med for presise prognoser for året som heilheit, legg han til.
Auken i aktiviteten førte óg til fleire tilsette med ei auke i talet på årsverk frå 37 til 44 frå 2021 til 2022.
![Torstein heggstad](/imager/images/401932/Torstein-heggstad_452393f9122041e91205caa465b1472b.webp)
Les også
Marknaden tilbake mot normalen
Selskapet har spesialisert seg på mindre hurtiggåande båtar og marknaden er på god veg tilbake til normalen i kjølvatnet av koronapandemien, skriv styret i årsmeldinga.
Spesielt marknaden for turistbåtar har vore svak dei siste åra, men også her kjem det no førespurnader fortel Heggstad.
– Vi jobbar med oppdrag både til forsvarssegmentet og persontrafikk - som ambulanse og hurtigbåtar. I tillegg er det meir aktivitet i dei tradisjonelle næringane som offshore, mellom anna med mobbåtar, fortel han.
Søksmål etter Brim-brann
I årsmeldinga kjem det også fram at selskapet i fjor fekk eit økonomisk krav mot seg etter brannen om bord i MS Brim, som selskapet leverte i 2019.
Saka som også gjeld manglar på systerfartøyet, er venta å kome for retten i oktober.
Styret skriv at dei i samråd med juridiske rådgjevarar, har kome fram til at søksmålet mest truleg ikkje når fram, og det er difor ikkje sett av midlar i rekneskapen.
Eigenkapitalen var på 10 millionar ved utgangen av fjoråret og langsiktig gjeld på kring 5,6 millionar kroner, ifølgje konsernrekneskapen som inkluderer UFAS Holding og Maritime Partner Asia.
Publisert: 21.08.2023 05:00
Sist oppdatert: 21.08.2023 09:24