Rimfrost krill 2021 11 23 114624 qern 32d54dee98d9214bae8e2fa30768ddaf
ETTER SKJEMA: Skroget til krilltrålaren vart sjøsett i desember 2021 og fartøye skulle vere ferdig i fjor haust. No er håpet av det er klart denne hausten. Foto: Rimfrost
Nytt

Skiftar skipsverft for krilltrålar

Har kansellert avtale med Westcon.

08.08.2023

Krilltrålaren det Stig Remøy-dominerte Rimfrost-konsernet har under bygging skal gjerast ferdig av eit anna norsk verft. Avtalen med Westcom er kansellert, skriv både Rimfrost Holding og Stig Remøy sitt heileigde selskap Olympic Group (tidlegare SRR Invest) i sine årsmeldingar.

Skroget til milliardfartøyet vart sjøsett frå Tersan Shipyard i Tyrkia i desember 2021. Planen var at det skulle gjerast ferdig på Westcon sitt anlegg i Florø og vere ferdig hausten 2022.

Tidlegare har Westcon meldt om tvist mellom verft og reiarlag.

"Kontrakten med skipsverftet er kansellert og kanselleringsoppgjør vil gjennomføres i henhold til kontraktens tvistemekanismer. Nybygget vil bli ferdigstilt hos annet norsk skipsverft.", skriv Olympic Group i årsmeldinga si.

Ifølgje årsmeldinga ventar selskapet av skipet blir levert "mot slutten av 2023".

Milliardoverskot etter skipssal
Eit selskap i dåverande SRR Invest-konsernet, no Olympic Group, selde i fjor fiskefartøyet Olympic Prawn med tilhøyrande kvotar til Nordic Wildfish. Prisen er ikkje oppgitt, men gevinsten er hovudforklaringa på den kraftige resultatforbetringa til konsernet (sjå tabell).

I ei pressemelding i juni i år vart Stig Remøy optimistisk både på vegen og konsernet si offshorefartøy-verksemd og innan fiskeri:

"Innenfor de fleste segmenter har utviklingen vært veldig positiv, og min vurdering er at dette bare er begynnelsen på en periode med økende aktivitet både på Subsea og vind. På nyåret er det inngått kontrakter på over 2 milliarder kroner med marginer på rekordnivå. Dette vil gi en betydelig økning i kontantstrømmene fremover. Innenfor det marine ser vi vekst og de som er lengst fremme i satsingen på bærekraft vil bli vinnerne", sa Remøy i pressemeldinga.

Olympic Group eig 73 prosent av Rimfrost Holding-konsernet.

Inntektene til selskapet skriv seg i hovudsak frå sal av krillprodukt. Selskapet dreiv tidlegare krillfiske og hadde eit varelager å selje frå i påvente av ny båt.

Dei andre eigarane i Rimfrost Holding er Ronja Capital II, Jakob Hatteland Holding, Farvatn Private Equity, Farvatn Medinvestering 2 og Anders Almestads selskap Octavius.

Olympic Group as (konsern)
Tal i mill. kroner20222021
Driftsinntekt1607,8856,5
Driftsresultat1275,668,0
Resultat før skatt1179,3-76,3
Rimfrost Holding as (konsern)

Tal i mill. kroner

20222021
Driftsinntekt151,2151,0
Driftsresultat-2,3-2,1
Resultat før skatt2,1-5,4

Publisert: 08.08.2023 08:49

Sist oppdatert: 31.12.2023 13:14