Jonas gahr støre besøk spilka foto marius 11
FORSVARAR AUKE: Statsminister Jonas Gahr Støre var tydeleg i sitt forsvar for auken i formueskatten under besøket hos Spilka i Ålesund tidlegare i veka. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Støre om auke i formueskatten: – Fullt ut forsvarleg

Statsministeren gir lite håp om at skattetrykket på bedriftseigarar blir mindre.

Marius Rosbach
17.02.2022

Diskusjonen om formuesskatten har skote fart dei siste vekene i kjølvatnet av Bjørn Dæhlie si flytting til Sveits. Nivået på den personlege skatten blei auka frå årsskiftet – og ligg an til å auke meir i åra framover om Ap-Sp-regjeringa skal støtte seg på SV for få fleirtal for statsbudsjetta.

Den omdiskuterte formuesskatten

Noreg er mellom få land som har formuesskatt og verknaden for bedriftseigarar er omdiskutert.

Ifølgje ein rapport Næringsdepartementet fekk frå Frischsenteret i fjor, gir auka formuesskatt auka sysselsetting.

Rapporten fekk mykje kritikk og ein anna rapport som Ny Analyse laga for SMB Norge i fjor, viste at formuesskatten verka negativt inn på aktiviten og investeringar hos desse bedriftene.

Formuesskatten blei frå årsskiftet auka frå 0,85 prosent til 0,95 prosent.

For formuar på over 20 millionar kroner (40 millionar kroner for ektefellar) blir det innførte ein høgare sats på totalt 1,1 prosent.

Botnfrådraget blir samtidig auka frå 1,5 millionar kroner i 2021, til 1,7 millionar kroner.

Statsminister Jonas Gahr Støre er tydeleg i sitt forsvar for auken som gjer at bedriftseigarar i år må betale meir til statskassa.

– Folk sine formuer blir skatta på ein måte eg meiner er fullt ut forsvarleg, og som bidreg til å redusere forskjellar, sa Støre på spørsmål om auken som blei innført frå årsskiftet då han besøkte Ålesund tysdag.

– Dei aller fleste familieeigde bedrifter går godt
NETT NO fortalde i valkampen korleis formuesskatten gjorde at Marin Teknikk-eigar Svein Runde Gjerde var nøydd til å tappe bedrifta, for at familien skulle ha ei inntekt å leve av. Samla driftsresultat for Marin Teknikk sidan 2016 har vore på minus 2,4 millionar.

Likevel har eigarane vore nøyd til å ta ut millionutbytte.

– Korleis er det smart næringspolitikk?

– Dei aller fleste familieeigde bedrifter går godt og eigarane klarer å betale formuesskatten sin. Så er det sjølvsagt nokre tilfeller der det kan vere meir vanskeleg. Eg vil ikkje kommentere enkelttilfeller, men framleis er det rettferdig at dei med formue betalar noko formueskatt. Så er det nokre tilfeller der ein må ta utbytte for å betale formueskatten, seier Støre etter å ha blitt førelagt problemstillinga.

(saka held fram under)

Stig ulstein svein rune gjerde foto marius 11
UTFORDRA AP-TOPP: Stig Ulstein og Svein-Rune Gjerde leiar og har eigardelar i bedriftene Ulmatec og Marin Teknikk. Dei fortalde i valkampen korleis formueskatten gir utfordringar. Foto: Marius Rosbach

Får dobling med Ap-forslag
Marin Teknikk-eigaren - som hadde fått godkjent reknestykket av revisoren sin - fortalde at formueskatten ville koste bedrifta 16 millionar dei neste fem åra. Med Arbeiderpartiet sitt forslag vil rekninga meir enn doble seg.

– Om selskapet er i stand til det, er eg usikker på, var Gjerde sin konklusjon.

Eksempelet Gjerde la på bordet, fekk Ap-politikar Per Vidar Kjølmoen til å påpeike at dei ikkje ønska å «skattlegge så hardt at det øydelegg moglegheita for verdiskaping», og han trudde at partiet ville vere villige til å «kikke på dette med arbeidande kapital».

Arbeidande kapital er ei nemning på midlar som til dømes er investert i maskiner og utstyr i ei bedrift.

(saka held fram under)

Per vidar kjølmoen foto marius 11 jpg
OPNA FOR VURDERING: Næringspolitisk talsperson for Ap, Per Vidar Kjølmoen, sa til NETT NO i valkampen at han trudde at partiet ville vere villige til å «kikke på dette med arbeidande kapital». Foto: Marius Rosbach

– Må ta ein større del av spleiselaget
NETT NO spurte statsministeren om det er aktuelt å gjere ei slik vurdering som Kjølmoen – som er blitt næringspolitisk talsperson for partiet - opna for i valkampen.

– Eg er for å sjå på alle typer kapital og har eit pragmatisk syn på beskatninga. Men eg meiner óg at formueskatten er ein rettferdig skatt i eit land der forskjellane auker, og det er noko vi særleg ser på formuene. Då er det rimeleg at dei med høgre formuer bidreg, er svaret han gir.

– Det skal vere sosialt rettferdig og vi skal ha eit botnfrådrag som gjer at vanlege folk med normal formue, skal kome billigare ut av det. Men dei som har store formuer må ta ein større del av spleiselaget, legg Støre til.

Får i praksis dobla skatterekninga
Skatteadvokat Christian Wahl i advokatselskapet Kvale har sett opp eit reknestykke for E24, der han viser korleis auken i formueskatt og utbytteskatt under Støre-regjeringa har auka skattetrykket på bedriftseigarar.

Reknestykket tek utgangspunkt i ein person som fekk éin million i formueskatt i 2021, og måtte ta utbytte for å betale. Medan personen i 2021 måtte ta 1,44 millionar i utbytte for å dekke rekninga, vil den same personen måtte ta ut 2,81 millionar kroner for å betale formue- og utbytteskatt i 2022.

– Skal ha eit rettferdig skattesystem
NETT NO spurte statsministeren om ein slik auka var hensikta.

– Det reknestykket kjenner eg ikkje. Dette er ein personleg skatt, ikkje på bedrifta, og selskapsskatten på 22 prosent ligg fast med Arbeiderpartiet.

– Med andre ord høyrest det ikkje ut til at bedriftseigarane kan vente ei endring?

– Det høyrest ut som vi skal ha eit rettferdig skattesystem i landet vårt i ei tid då forskjellane auker, svara Støre.

Publisert: 17.02.2022 05:55

Sist oppdatert: 17.02.2022 01:30

Mer om