Loddeflåten
AUSTOVER: Her stimar noske fiskefartøy austover etter årets loddesesong på Island. Skjermdump frå Sildelaget
Nytt

Forlet Island med 55.000 tonn ufiska lodde

No stimar flåten heimover etter eit trøblete loddefiske ved Island.

23.02.2022

Berre 90.000 tonn av totalkvoten på 145.000 tonn vart tatt under årets loddefiske ved Island.

- Det er alltid kjedeleg når fiskarane ikkje får tatt heile kvoten av enkelte fiskeslag i ein sesong. Det betyr mykje økonomisk for både flåten, industrien og marknaden, seier salsleiar Kenneth Garvik i Sildelaget på laget si heimeside.

No stimar flåten austover, mange har berre slumpar i tankane etter at dei norske fartøya måtte avslutte fisket ved midnatt 22. februar.

Problem i kø
Men det var ikkje berre den korte fristen som var problemet. Blant anna fekk dei norske båtane kun fiske med not, medan islendingane og fleire andre nasjonar kunne fiske med trål.

I tillegg fekk ikkje meir enn 30 norske fartøy delta i fisket samstundes, slik at det vart mykje landliggje.

Men på toppen kom dårleg vêr, med lavtrykk i kø, slik at heile flåten måtte gå til lands i dei mest stormfulle periodane.

Trekt fiske
Kenneth Garvik viser til at den første loddefangsten frå Island kom fra eit islandsk fartøy allereie 11, januar, medan dei første fangstane frå norske fartøy kom 17. og 18. januar.

Men det gjekk veldig trekt. 25. januar var det berre 3.900 tonn innmeldt, 2. februar 4.335 tonn, 3. februar 10.500 tonn, 5. februar 6.500 tonn og så vart neste gode dag14. februar med 5.700 tonn.

Dei to beste dagane vart 17. februar med 22.000 tonn og 19. februar med 10.400 tonn.

Venta på tørn
Garvik seier at det vart ekstra utfordrande når dei gode fangstdagane vart avbrotne av vêret.

- Då blir fleire fartøy som ventar på tørn liggjande i hamn saman med dei som skal ut på feltet igjen.

- Hadde vêret spelt meir på lag så trur eg vi kunne redda mykje meir av totalkvoten, seier Garvik.

Av dei 90.000 tonna er berre rundt 8.800 seld til konsum til fabrikkar i Norge og Island.

Rosar tolmodet
Ei førebels oppsummering viser at over 2/3 av kvantumet er omsett til norske kjøparar. Av kjøparar i utlandet har islendingane kjøpt mest, men det er og seld lodde til mjøl/olje fabrikkar i Danmark og Skottland.

- Eg vil likevel berømme både tålmodet og gjennomføringa av fisket som flåten har vist, og det har neimenn ikkje stått på innsatsen, seier Garvik.

Dei fleste fartøy skal no over på sildefiske, før det vert oppstart på loddesesongen i Barentshavet.

Publisert: 23.02.2022 13:54

Sist oppdatert: 23.02.2022 15:31

Mer om