Knut sunde IKKE GJENBRUK norsk industri foto npk 11
AUKA PRISAR: Direktør Knut Sunde i bransje- og industripolitisk avdeling i Norsk Industri presenterte årets konjunkturrapport på Pressens hus i Oslo onsdag. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB / NPK
Nytt

Straum- og fraktprisar skaper problem

Rekordhøg eksport og omsetning i fjor, men utfordringar for konkurranseevna i år, ifølgje konjunkturrapport.

27.01.2022

(NPK-NTB-Anne Marjatta Gøystdal): Dyrare straum, frakt, stål og andre innsatsfaktorar gneg på lønnsemda, seier Norsk Industri. Dei ber regjeringa sørgje for ytterlegare straumstøtte.

Det kommande året blir turbulent, meiner NHO-foreininga som er arbeidsgivarorganisasjon for industribedriftene.

– Vi spår 9 prosent auka omsetning, under dette 5 prosent auka eksport, seier Knut Sunde, som er direktør i bransje- og industripolitisk avdeling i Norsk Industri.

Saman med administrerande direktør Stein Lier-Hansen la han onsdag fram Norsk industris årlege konjunkturrapport, som baserer seg på ei undersøking blant medlemsbedriftene.

Rekordhøg omsetning og eksport

Sjølv om verda framleis er ramma av ein pandemi, vart fjoråret eit godt år. Det vart lagt vekt på å halde grensene opne.

– Vareflyten har gått rimeleg avslappa. Det er dei tenesteytande som har måtta ta smellen, seier Sunde.

Han noterer ein omsetningsvekst i fjor på 960 milliardar kroner, opp 10 prosent. Det inneber ein eksport på 415 milliardar kroner, ein auke på 17 prosent. Rekord begge delar.

– Samtidig er det veldig stort sprik i utvalet vårt, seier han.

Auka kostnader og forseinkingar
Det er aukande pris i innsatsfaktorar som blir merkt av mange industribedrifter. Sunde viser til at stålprisane gjekk til vêrs etter ein periode med bråstopp i produksjonen. Så følgde stigande gass- og straumprisar, og dessutan problem med konteinarfrakt frå Kina i forlenging av pandemien.

Mange bedrifter opplever òg betydelege forseinkingar på grunn av mangel på komponentar og problem med frakt.

Det er variabelt i kor stor grad industrien klarer å velte desse kostnadene vidare over på kundane sidan mange har langsiktige avtalar, heiter det i rapporten.

Ønskjer lokale forhandlingar
Dette vil danne bakteppe for lønnsoppgjeret som skal i gang i mars. Tysdag landa motparten på arbeidstakarsida, Fellesforbundet, krava sine. Dei forventar eit oppgjer som vil ende med meir i lommeboka og auka kjøpekraft.

Vi må finne ei løysing som ikkje svekkjer konkurranseevna til bedriftene
Stein Lier-Hansen
Stein Lier-Hansen er avventande før han har sett nærare på tala frå Det tekniske berekningsutvalet i februar, som gir fasit på korleis pris-, lønnsnivå og lønnsvekst enda i fjor. Han har likevel to forventningar:

– Vi må finne ei løysing som ikkje svekkjer konkurranseevna til bedriftene. Det er viktig å finne ein balanse mellom kjøpekraft og konkurransekraft, seier han, og held fram:

– Vi er no i ein situasjon der det er stor forskjell mellom bedriftene. Ein stor del av lønnsoppgjeret bør derfor skje gjennom lokale forhandlingar fordi det er der ein kan vareta konkurranseevna til kvar enkelt bedrift.

Etterlyser straumstøtte
Norsk industri støttar òg utspelet frå Fellesforbundet om at regjeringa må sørgje for meir straumstøtte til hushalda. Dette må på plass slik at det ikkje speler over i lønnsoppgjeret for å kompensere folk for ekstra høgre straumrekningar, understrekar Lier-Hansen.

– Det vil vere øydeleggjande for lønnsdanninga i Noreg, seier Norsk Industri-sjefen.

Han meiner støtteordninga som gjeld for perioden desember til mars, ikkje er tilstrekkeleg.

– Det er ein bra start, men når dette varer lenger enn vi har trudd, og kanskje har endå meir negative utslag for ein del av hushalda, må regjeringa vere villig til å revurdere, seier han.

(©NPK)

Publisert: 27.01.2022 08:26

Sist oppdatert: 27.01.2022 09:06

Mer om