Harald Sætre Ulstein Betong
MARGINPRESS: Ulstein Betongindustri-konsernet har framleis historisk høg omsetning, men marginpress gjer at ikkje lønnsemda har vore den same dei siste åra, ifølgje konsernsjef Harald Sætre. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

– Til å leve med, men ikkje noko meir

Ulstein Betongindustri strevar med prisauke og utforskar nye områder å vekse på.

Marius Rosbach
17.10.2023

Ulstein Betongindustri-konsernet med sine seks dotterselskap har opplevd solid vekst dei siste ti åra med om lag ei dobling av omsetninga og gode overskot.

Inntektene held seg framleis på rekordnivå, men no merkar dei at presset på marginane blir tøffare og at lønnsemda blir svakare.

– Det er til å leve med, men ikkje noko meir, seier konsernsjef Harald Sætre til NETT NO om resultatet i fjor – og korleis dei ligg an så langt i 2023.

Prisvekst og ordrestans
Konsernsjefen fortel at det i første rekke er prisvekst på sement, stål og trelast som har gjort situasjonen utfordrande. Men også den generelle prisveksten og no etter kvart også auka rentenivå.

Det har vore krevjande å få kompensert for prisauken ute i marknaden.

– I fjor hadde vi ordrestans frå havbruk for Ulstein Betong Marine, som gjorde at dokka stod tom i fleire månader om våren. Årsaka var at marknaden brukte tid på å «svelge» høgare prisar, seier Sætre.

– Marginfall på to-tre prosent
Sætre anslår at varekosten i fjor auka med 8-10 millionar kroner. Når driftsresultatet var på knappe sju millionar, seier det seg sjølv at det påverka lønnsemda kraftig.

– Det har ført til eit marginfall på to-tre prosent i fjor, samanlikna med gjennomsnittet for dei siste åra.

Aktivitetsnivået for dotterselskapa Ulstein Betong og Ulstein Betong Marine – som dei siste åra har stått for dei største inntektene – har vore «veldig bra» i 2023.

Samtidig har dei mindre å gjere i entreprenørverksemda og knuseverket, hovudsakleg grunna nedgang i byggebransjen.

– Vi dreg med oss utfordringane med eit høgt kostnadsnivå også i år. Det ligg an til ein svak vekst i omsetninga, men det gir ikkje noko veldig godt resultat, legg han til.

Vi dreg med oss utfordringane med eit høgt kostnadsnivå også i år
Harald Sætre
Ulstein Betongindustri (konsern)
Årsresultat (i mill kr)
2022
2021
Driftsinntekter
180,9

191,5

Driftsresultat
6,9
3,9
Resultat før skatt
3,6

3,8

Ingen brems på oppdrett
Oppdrettsmarknaden og levering av store fôrflåter har sørga for kraftig vekst i fleire år. Ein rekke leverandørar har opplevd ordresvikt etter regjeringa la fram forslaget til lakseskatt i fjor – men det er ikkje tilfelle hos Ulstein Betongindustri.

– Vi er litt spente, seier Sætre – men så langt er aktiviteten framleis god.

Truleg er noko av forklaringa at flåtane frå Ulstein-verksemda følgjer av investeringar som var bestemt allereie for fleire år sidan.

– Men det er klart at redusert investeringsvilje og -evne innan havbruk truleg vil slå inn hos oss også etter kvart, legg han til.

Ulstein betong marine forflåter foto Marius R
FÔRFLÅTER: Slike fôrflåter til oppdrettsbransjen har vore ein marknad i kraftig vekst for Ulstein Betongindustri dei siste åra. Førebels merkar dei ingen svikt som følgje av lakseskatten. Foto: Marius Rosbach

Har tru på flytande fiskerikaier
Konsernet har fleire bein å stå på og leverer mellom anna ulike formar for flytande installasjonar. I fjor leverte selskap si første flytande fiskerikai til reiarlaget Grønholm i Herøy.

Det er ein marknad Sætre har tru på, og dei jobbar med å utvikle produkta for bruk i kystfiske og sjarkfiske.

– Slike løysingar har funksjonar som gir betydelege fordelar. Det gir både fleire meter kai og oppbevaring rett ved fartøyet. Det har vore veldig stor nysgjerrigheit kring dette, legg han til.

Fleire funksjonar for flytande installasjonar
Sætre fortel at dei har merka ei utvikling dei siste åra når det gjeld bruken av flytande installasjonar.

Dei har allereie levert ein rekke servicekaier i samarbeid med salspartnaren Marina Solutions i Ørsta. Men slike løysingar kan også nyttast i alt frå ladestasjonar og bunkersanlegg, til sjøfrontar med promenadar.

– At ting er flytande, gjer det fleksibelt. Samtidig kan ein unngå omfattande inngrep i strandsona med fyllingar og permanent utbygging, fortel konsernsjefen.

Rekruttering er framleis ei utfordring
I dag har konsernet kring 100 personar i arbeid. Om lag 80 av desse er faste tilsette.

– Vi har til ein kvar tid inne innleigd arbeidskraft til elektro, røyrarbeid og snikkararbeid, fortel Sætre.

NETT NO har tidlegare omtala utfordringane med å rekruttere fagfolk, spesielt innan betong- og forskaling. Det er framleis eit problem som heile bransjen slit med, ifølgje konsernsjefen.

Publisert: 17.10.2023 05:00

Sist oppdatert: 16.10.2023 23:13

Mer om