
Trur på betre kompensasjonsordning for CO2-avgifta
– Vi ser at vi har vi har fått litt politisk gehør, seier Fiskebåt sin ekspert etter nye signal.
Jan Ivar Maråk i bransje- og arbeidsgivarorganisasjonen Fiskebåt, har i fleire år arbeidd med kostnadautfordringane CO2-avgift utgjer for fiskeflåten. No trur han eit politisk gjennomslag kan vere mogleg.
Den særnorske avgifta skal auke fram til år 2030, samstundes som som fiskarane manglar alternativ til dieselmotorar.
Avgifta blir lagt på diesel, og skal stimulere til ei omlegging til energikjelder som ikkje medfører utslepp av CO2.
Les også
Møter i departementa
Tysdag har Maråk vore i møte i Nærings- og Fiskeridepartementet om mellom anna CO2-avgifta, saman med Biomarint forum. Fredag skal han i møte i Finansdepartementet, også der for å snakke om CO2-avgift.
Fiskebåt sine argument er mellom anna at avgifta verkar konkurransevridande, og gjer marginalt fiske ulønsamt. Fiskarane kjem til å fylle drivstoff i utlandet for å omgå avgifta - noko som kjem til å auke drivstofforbruket.
Nyleg har både fiskeriministeren og Høgre sin fiskeripolitiske talsperson uttrykt forståing for Fiskebåt sine argument mot CO2-avgifta, og sagt at dei vil arbeide for å oppretthalde konkurranseevna til norske fiskarar.
Fungerer som CO2-fond
– Det mest sannsynlege vil vere å betre kompensasjonsordninga, seier Maråk om kva han trur blir utfallet av den politiske prosessen.
Ei kompensasjonsordning er på plass allereie i dag. Den gjer at fiskarane får attendebetalt ein del av CO2-avgifta. Dei som gjer mest for å få CO2-utsleppa ned, får størst kompensasjon.
Maråk vil ha ein økonomisk gunstigare kompensasjonsordning enn i dag.
Ei god nok kompensasjonsordning vil langt på veg fungere som eit CO2-fond, ifølgje Maråk. Alle betalar inn CO2-avgift og får refundert meir, dess meir omfattende tiltak dei gjer for å redusere CO2-utsleppa.
Publisert: 10.09.2024 14:36
Sist oppdatert: 10.09.2024 14:48