– Vi har lært noko av dette også
Dei tilsette hadde sine mistankar, men klubbleiaren i Vard vart likevel overraska over avsløringane hos verftsleverandørane.
Avløringane om dei dårlege løns- og arbeidsvilkåra hos verftsleverandørane kom som ei overrasking for klubbleiar Rune Torsvik ved Vard Søviknes.
Verftet hadde ein hektisk periode med levering av eit stort cruiseskip til Viking Cruises, samtidig som dei hadde koronapandemien som gav sine utfordringar.
Dei tilsette hadde rett nok sine mistankar om at ikkje alt var heilt på stell.
– Då ein del av firmaene kom, såg vi at det var ukjente kjeledressar og logoar, og skjønte at det var noko, fortel Torsvik.
– Men det dei grovaste forholda med at folk hadde fått betalt ned i 30 kroner timen, kom som ei overrasking. Ingen av oss såg den komme, legg han til.
Då ein del av firmaene kom, såg vi at det var ukjente kjeledressar og logoar, og skjønte at det var noko
– Leit at slike ting kan skje
Torsvik fortel at verftet har hatt god kontroll på dei norske selskapa. I
forkant av det utrustinga av det store cruiseskipet hadde dei også
møter der dei ulike leverandørane blei godkjent.
– Alt såg bra ut til arbeidarane kom. Då viste det seg at fleire hadde sett vekk oppdraget til eit nytt ledd, og nokre til enno eit nytt ledd, fortel klubbleiaren.
Vard var raskt ute med å ta grep då tilbakemeldingane frå Arbeidstilsynet kom.
Som NETT NO kunne fortelje i helga, har aksjonen også ført til at tilsette skal få opplæring i korleis dei skal unngå at arbeiderar blir utnytta ved deira verft.
– Det er leit at slike ting kan skje, men vi har lært noko av dette også – og vi har fått rydda opp, seier Torsvik.
«Ryddeaksjonen» på verftet bestod mellom anna i å stenge tilgangen til alle som ikkje var Vard-tilsette. For å kome infor portane måtte andre arbeidarar identifisere seg med pass og signert arbeidskontrakt, der lønna også stod opplyst på deira eige språk.
– I tillegg måtte dei vere meldt inn til skattestyresmaktene og ei sokalla D-nummer. Har dei ikkje desse tre tinga på plass, så slepp dei ikkje inn på verftet, fortel Torsvik.
Krav om arbeidstøy med korrekt firmalogo er også mellom tiltaka som er innført.
Uroa for rekrutteringa
Klubbleiaren fortel at utfordringane ikkje har gått utover framdrifta for oppdraga ved verftet.
– Mange av firmaene som blir stengt ute, kjem neste dag med alt på plass, fortel han.
Konsekvensane for rekrutteringa er han meir uroa for. Å jobbe for fleire norske fagfolk til verftsindustrien har vore ei hjartesak for Torsvik.
– Eg håpar at det ikkje går utover rekrutteringa, for vi er heilt avhengige av å få norske arbeidarar inn i bransjen. Vi er også avhengig av å få opp lønnene, meiner han.
Mange av firmaene som er blitt stengt ute, kjem neste dag med alt på plass
Håpar fleire unge vil satse på verft
Verftsveteranen fortel at dei har ein del ungdom, men at mange vel å ta vidare utdanning – og kjem ikkje tilbake.
– Det har vorte populært å ta høgare utdanning som skipsarbeidar. Dei som har jobba på golver blir gjerne dyktige ingeniørar, men vi håpar at fleire av ungdomane som er her, også vil satse vidare på verftet, legg Torsvik til.
Utviklinga har gjort at det er i ferd med å bli få verftstilsette i mellomsjiktet mellom den yngre og eldre garde, ifølgje klubbleiaren.
Publisert: 19.05.2022 04:58
Sist oppdatert: 19.05.2022 08:46