Zakariasdammen innfelt frank sve foto Tafjord Møre og romsdal fylkeskommune 11
ZAKARIASDAMMEN: Staten får store inntekter av verksemda til kraftselskapa. Dei vil Frank Sve (innfelt) dele ut til folk og næringsliv. Foto: Tafjord/Møre og Romsdal fylkeskommune
Nytt

Vil betale ut strauminntektene til staten

– Staten loppar innbyggjarane og næringslivet, meiner Frank Sve (Frp).

18.01.2022

(NPK-NTB): Dei 28 milliardane som staten anslagsvis tener på høge straumprisar, bør straks og uavkorta bli utbetalt til det norske folket, meiner Frps energipolitiske talsperson Frank Sve.

Overfor Dagbladet omtaler Sve, som sit i energi- og miljøkomiteen på Stortinget, det som røveri at staten tener pengar på høge straumprisar.

– Staten loppar innbyggjarane og næringslivet for enorme summar og blir styrtrik på skyhøge straumprisar, seier han.

Vedum: –Brukar 13 mrd.
Sunnmøringen meiner 28 milliardar er eit minimum for kva staten bør betale tilbake til folk og næringsliv.

Det bør vere finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) si oppgåve, ifølgje Sve.

– Vi har innført ei sikringsordning som var ei nyskapande ordning. Der bruker vi over 13 milliardar kroner på å hjelpe folk gjennom straumkrisa, er Vedum sin kommentar til forslaget.

Fekk ikkje napp hos regjeringa
Framstegspartiet inviterte før helga til samtalar om eit breitt straumforlik i Stortinget. Men regjeringspartia møtte ikkje opp.

Ifølgje Framstegspartiet vart møtet avlyst, fordi verken Ap eller Sp svarte på invitasjonen.

– Dette er arroganse på eit heilt nytt nivå, sa Sve.

Låg fyllingsgrad - men har tilgang
Tysdag kom nye tal som viser at fyllingsgraden i kraftmagasina er lågare enn vanleg, men Statnett vurderer framleis at tilgangen på kraft er trygg gjennom vinteren.

– Sjølv om det er uvanlege tider med svært høge kraftprisar, er vår vurdering at det er tilfredsstillande tilgang på kraftressursar òg gjennom vinteren, seier Peer Olav Østli, som er konserndirektør for systemdrift i Statnett, i ei pressemelding.

Dei meiner dermed det ikkje er behov for å signalisere ekstra tiltak no, men legg inn atterhald om at det kan skje uventa ting utover vinteren.

– Vi følgjer situasjonen tett og løpande. Dersom vi får periodar med uvanleg kaldt vêr, vil vi måtte revurdere situasjonen. Det same gjeld dersom vi på andre måtar får redusert tilgangen på kraft frå områda rundt oss, understrekar Østli.

Publisert: 18.01.2022 09:24

Sist oppdatert: 18.01.2022 09:45

Mer om